





Velkommen til Astrid, Kjell Inge, Jarand og Mari sin blogg!!!
Kjell Inge og Magnar slår seg laus på plenen i Ålvik. Jarand synst det var veldig gøy å sjå på! Han gløymde heilt at han hadde vondt i nasa si etter å ha trynt på altaten...
Jarand slappar av i hengekøyen.
Me fekk besøk av ein heil gjeng ferierande som hadde slått seg ned i Ålvik. Frå venstre: Inge, Trond, Pia, Gullbjørg, Ann Kristin, Mai Lisbeth, eg og Jarand, Solfrid og Magnar.


Her ser de altså heile ruta mi sett litt skrått ned frå sør. Heilt frå starten i liabrekka14 te usvingen i Norheimsdalen. Punktet merka 012 er der eg la frå meg sykkelen (kjekt å veta).
Samme ruta sett frå, tja...ca rett øve Tokagjelet...
Kjell Inge skal bli god skogahoggar, så han er i opplæring hos Agenten. Det har til no berre råke ei startsnor på ei motorsag... Kjell Inge har potensiale i skogen, for han klarar å hugsa kva skog som er vår. Eg held meg heima, for eg vil helst ikkje komma på kant med Beate eller Silje ved å stela av skogen deira...
Så var det tid for damer og babyar å slå seg laus på tur...! Mødrene bar både sekk og bæresele på turen til og frå hytta. Jarand hadde nisteboks med seg for første gong. Han var så ivrig på leverposteiskivene at han heldt på å eta opp sjølve boksen.
Hytteeigaren Asgaut slappar av på sofaen.
Scott var òg med på tur.
Grillmat smakar ekstra godt på hytta!
Skippern på skuta, Jarand, får oss trygt over te Holmo.
Nyabrygga i bakgrunnen. Jarand har framleis full kontroll på fartøyet.
These guys are made for walking. Trivselsfaktoren var høg både for far og son.
På Odnes tok Jarand seg ein halvtime under ulltrøya te far sin. Meir idyllisk kan da vel knapt bli. Eg og Astrid koste oss med nybakte bolla.
Frå kaien på Styvi har ein fin utsikt innover verdens vakraste fjord. Midt i bildet e rimstigen der Stølsvegen frå Bakka kjem opp.
Astrid og Jarand likte seg på tur.
Odnesfossen e flott å sjå te. Vatnet kjem frå Nisedalen 600 høgdemeter høgare oppe.