søndag, juli 02, 2006

28.Juni - Norheimsdalen

Onsdag vart eg forlatt av Jarand og Astrid, dei prioriterte Tupperware kjøpefest framfor fest og morro med meg. So for å trøsta meg sjølv litt tok eg turen til fjells. Kom iallefall nett øve skoggrenso.

Nytta anledningen til å testa ut Nokia N70 sine kamerafunksjonar (fekk beskjed av tupperware tuppo at eg ikkje trengte hennar kamera - eg hadde jo kamera på mobilen). Men fø å sei da sånn...2mpix ekje da sama so 2mpix. Mens min fyrste digitale slitar produserte bilder so tek seg fint ut i 40X55cm store bilde på kontorveggen min med sine (i dag) stakkarslege 2.1 millionar pixlar, trur eg knapt Nokiaen sine egnar seg for frimerkeproduksjon. Til tross for 2 millionar pixlar.

Iallefall vart sykkelen skubba opp skogsvegen øve liabrekka te vegen ikkje gjekk lengre. Iallefall ikkje den eg rota meg inn på. Litt kreativitet og godvilje te ka so e sti førte meg snart opp til øvre demma. Vidare øve flate myrane til Longeglii der ein skogsveg frå Rosseland vart oppservert. Sikkert egna fø køyretøy med tre 16" hjul... Dagens andre stigning møtte meg vidare på veg opp til Norheimsdalen. Ein time og førti minutt. Faen. Berre 40min til Ekstremsportveko på tv. Returen gjekk kjapt same veg stappa i meg ein halv pakke kjeks mens eg fekk låst opp sykkelen og eg rakk nett ikkje å dusja før tven vart stilt inn. To timar og tjue minutt. 16 km. 600høgdemeter opp og ned. Ikkje for å skryta.













Bileta over er då teke med Nokia N70. t.v. Norheimsund og Folgefonna, t.h. Torefjell frå ca. Norheimsdalen. Kvaliteten ligge mellom ubrukleg og ok for krisesituasjonar.

Når eg e på tur e eg eit glimrande ransbytte. Vanlegvis har eg digzar med ein samla innkjøpspris på mellom 11 og 12 tusen med meg. Denne dagen stakk altso damo av med kamera so eg vart gåande dar med utstyr for lusne åtte tusen(gps - klokke med barometer,høgde,temp,kompass- mobil). Alt e heilt heilt nødvendig. Spessielt GPS'en. Da e vel litt sånn guns for show, knifes for a pro (pikkstol=gps, kniv=kart) i friluftslivet - men ka e gale med litt show innimellom ? GPS'en vert brukt flittig (sjølvsagt saman med kart på skaplege turar) og fungerar stort sett utmerka.

Mapsource har fått (for ei stund sidan) ein funksjon for å visa ruter og spor i Google Earth. Ikkje sånt so eg bite på med ein gong - og nytteverdien e kanskje ikkje verdens største, men eg lot meg begeistra.

Her ser de altså heile ruta mi sett litt skrått ned frå sør. Heilt frå starten i liabrekka14 te usvingen i Norheimsdalen. Punktet merka 012 er der eg la frå meg sykkelen (kjekt å veta).
Får dei inn lika gode satelittbilder som dei har for Varaldsøy kan detta verta knallbra.

Samme ruta sett frå, tja...ca rett øve Tokagjelet...

Ingen kommentarer: