torsdag, juni 29, 2006

Tur til Kvanvik med babygruppa

Så var det tid for damer og babyar å slå seg laus på tur...! Mødrene bar både sekk og bæresele på turen til og frå hytta. Jarand hadde nisteboks med seg for første gong. Han var så ivrig på leverposteiskivene at han heldt på å eta opp sjølve boksen.
Hytteeigaren Asgaut slappar av på sofaen.
Scott var òg med på tur. Grillmat smakar ekstra godt på hytta!


Sauene til Silje og Sigve ville sjå kva slags folk som kom, men Sigve sa at det fekk dei ikkje lov til og at Silje skulle jaga dei til fjells att. Silje sprang og stod på men sauene var ikkje samarbeidsvillige, så bonden måtte komma og jaga sauene sjølv.

Takk for ein fin tur!!!!

Ingen kommentarer: