lørdag, juni 30, 2007

torsdag, juni 28, 2007

søndag, juni 17, 2007

Skotring

Da skulle ve brydlaup i (vilha) babygruppa te Astrid, og då høyre visst skottring med...te og me eg so elska å kle meg ut, fekk på meg ei maska og ei gammal hopp-buksa...

Finduskostymet til Astrid begynnar vel å bli velbrukt, men da e fyrste gong eg har fått sjå da på ho. So no lyt ho ha detta på seg kvar kveld. Ehh..


Denna mannen har me ikkje sett på maange år. Kva er vel meir logisk enn att han dukka opp i Øystese ?


Fela gjeng...


Godt at nokon ikkje e so sjølvhøgtidlege so visse andre. Legg merke til diamanten i navlen. At han kledde da e kanskje å ta i...not my kind of bellydancer jaffal :-)

fredag, juni 08, 2007

Ny mobiltelefon

Mobiltelefonen eg kjøpte i 2002 begynte å fuska... i tillegg så gjekk ladaren sund for ei stund sidan. Eg lånte ein gammal ladar av svigers, men så klarte eg å øydeleggja den ladaren og.... Det var minuspoeng til meg...

Eg har då kjøpt meg ny mobiltelefon. Jippi! Sony Ericsson k610i, knall raud:-) Den ligg langt over kva eg forstår av telefon, spranget frå 2002 blei litt for stort... men eg har skjønt blogge-funksjonen. (Sjå dei to forrige innlegga). No kan eg "berika" bloggen vår frå korhen eg er, berre eg har med mobiltelefonen:-) Det er kjempeenkelt. Det er berre å ta bilete og så senda det til bloggen.

:-D



Sommar


Kjell inge og jarand

tirsdag, juni 05, 2007

Frå Karmøy te Fossen

Ikkje før dei langvegsfarande frå Karmøy hadde komme innom dørane, jaga me dei ut att for å sjå på vårt kjære nasjonalskatt av ein foss (velvel, da ligg vel ikkje nett noko verdsarvstatus og ventar...)


Fossen i all si prakt. Fodle av smeltevatn, fø no ska visst snøen vekk.


Litt av vitsen e jo å ve bak fossen. Og da e me her.

Her nyt me utsikta frå det svært forseggjorte utsiktspunktet. (Ironi)


Mette av buldrande vatten gjekk turen heimatt. Eg fekk prakka beremeisen på andre då eg hadde "gløymt" (vakt)mobilen. Eg gløymde visst å få han tebake på ryggen og...

Geitebokkar

Me hadde tenkt oss ein tur te Gudvangen, men snørasa hadde ikkje smelta endå, så då vart me ståande å sjå på dessa karane i staden. Kjekke dyr, sjølv om dei luktar litt dårle. Godt me har deodorant.

Som de ser (han te venstre) e Elvis død, og gjenfødd som geitebukk.

lørdag, mai 26, 2007

Saukjande del to

Når feiringi va øve, og me var vel tebake i hyttao, og me hadde fått oss ein velfortjent burgar bar da ut i båten. Motoren starta på fyrste draget, imotsetning til avsluttninga på førre sesongen. Sola var gått ned og da va litt småkjølig, men likevel fint å ve på fjorden. Verdas vakraste.


Bakka og Nærøyforden. Buraoedn og Ramsøynuten med meir. Fint, hæ ?


Her har me komme ut i fjorden der sola framleis skin. Astrid nyt utsikten mot Odnesfossen, og Jarand e som vanleg oppteken med sitt.


Itte båtturen ville Jarand jedna snakka litt med sauene. Sauene kan vel ikkje seiast å vera veldig interessert i å snakka med Jarand. Da tetross fø at Jarand har prøvd å kle seg ut so ein bonde. Korleis no ein bonde ser ut.


Denne eine vetle tassen vart etterkvart litt interessert i Jarand. Nesten litt for interessert, tykte Jarand. Iallefall når ho begynte å eta fingrane hans.

fredag, mai 25, 2007

Saukjande mai

Itte to regntunge år på Holmefjord var det på tide å byta stad for feiring av saukjande mai. I år reiste me te Bakka for å feira i verdas vakraste fjord med verdas vakraste ver.

Det vart ein flott dag, til tross for at me rauk ut av hesteskokastinga allereie i fyrste runde. Vart utslått av nokre polske bønder (ikkje at dei var polske bønder gjorde dei til dårlegare motstandarar). Eg legg all skuld på lagkamerat Astrid, sidan eg vann for tre år sidan saman med Kjell Magne.

Elles vart det gått natursti og ete både dravle og snittar. Og hotdog. Nett når det gjeld dravlen skal eg gje Holmefjord eitt poeng. Holmefjord dravlen smakar betre. Samstundes e vel ikkje dette nett noko viktig poeng. Dravle e jo framleis dravle. Ka med gele neste år ??


Underteikna med avkom på ryggen. Til venstre har me Synneva. Ho e nabo og grandoldetante te Jarand. Ellenoko sånt.


Smørbukk sjølv saman med Astrid. Saukjandemaitog var morro, men endå kjekkare var bilane som kom bak. Me vart derfor desidert sist i toget.


Dei same to, med eit lite glimt av noko av verdas vakraste fjell.


I mangel av levande korpsmusikk fekk denne gettoblasteren fyllt med gardemusikk gjera jobben. Og det gjorde den. Ka med litt erkenorsk svartmetall, kjemisk fritt for blåseinstrument neste år ?


Alle andre dagar ville me ledd og sagt at da va da va jammen teit. Men nett denne dagen kunne me ve einige.

Naturstien var sopass utinaturen at enkelte ikkje klarte heile runden. Skal ikkje nemna namn. Men super rally ss GT kom med heile runden.

Jarand prøvde seg på denne vetle damo. Når me spør om ho no ittepå seie han berre "nei, nei"..men eg veit no ikkje heilt eg...han ser ikkje so veldig nei ut.

12.mai : Fresvikbreen - 10 fantastiske timar


Ein etterlengta tur på Fresvikbreen vart det denne nydelege dagen i midten av mai. 38 kilometer på ski, og det var absolutt ingen ting å klaga på. Ingen ting.
Meir her...

mandag, mai 21, 2007

Hipp hurra!!!



21. mai feirar Besto og Besten på Holmefjord perlebryllaup, eller 30-årskrigen som far til Besto pleidde å kalla det;-) Gratulerer så mykje i alle fall!!!


21. mai er og 1 1/2 årsdagen til Jarand:-)

mandag, mai 14, 2007

Tur med Voss utferdslag

For fjorten dagar sidan var eg på tur med Voss utferdslag til Jølster. Målet var å få gått ein del på ski.

Snønipa vart besøkt på laurdagen



På søndagen gjekk turen til Bjørga

Utnytt din urealiserte boligkapital


Berre fø morro måtte eg prøva DinSides fantastiske kvaerboligendinverdtkalkulator.

Resultatet ser de øve. 4,4mill. Løp og kjøp. Trur me sel. Kan til og med strekka oss ned mot fire mill, ved snarleg avgjerdsle.

søndag, april 29, 2007

Jarand og Pernille

Pernille er litt interessert i Jarand. Ho lar han nett komma så nære at han kan ta litt på ho. Om han blir for ivrig flyttar ho seg. Ho går litt vekk og så ventar ho på han. Jarand er veldig entusiastisk! Kattar og hundar er kjempespanande!

Jarand fann hundebamsen og sprang etter Pernille og sa voffvoffvoff, Pernille blei ikkje så veldig redd;-)