tirsdag, september 08, 2009

Mari - 10 mnd.

Mari er allereie blitt 10 månadar gammal. Ho er ei aktiv lita jente. I det siste har ho funne ut at det er kjekt å gå når ein har noko å halda seg i. Ho er framleis tannlaus, men det virkar som
om noko er på gang... ho tygger på alt ho kjem over;-) Jarand er veldig glad i ho, men det blir litt knuffing innimellom. Ho gjer grei beskjed om at ho ikkje vil bli heldt, men han tar sjeldan hintet;-) Ho kan og vera veldig bestemt om det er ting ho ikkje vil gje frå seg. Jarand treng stort sett dei fleste leikane Mari har funne seg. Mari er glad i mat. Ho vil ha det meste me gjer ho bortsett frå tran og fruktpure. Prøver å fanga figurane på barne-tv...

Det var ikkje så gøy å ha benken denne vegen!

Når ein tar bilete av ho, kjem ho i full fart for å ta kamera;-)






Besøk av Line og Tormod

Line er med Mari og Jarand og kokar bil-graut.

Nam.nam!
Har Kjell Inge og lyst på bil-graut???

fredag, august 28, 2009

Bytur med Jarand

Forrige laurdag var eg og Jarand på tur til Bergen. På Togstasjonen var det utdeling av bollar og juice og bybane-brosjyre. Tusen takk for maten til bybanen!!!
Me var på kino og såg Gubben og Katten: Glemmeligheter. Det er første gong eg har teke Jarand med på kino. Trur han likte det, sjølv om han likte allerbest å ta toget. Han var sur på meg når me berre skulle ta toget heim att til Arna... han ville ikkje gå av...;-)
Me var på besøk til Onkel Hallgeir for første gong etter at han flytta til Bergen. Fekk middag og det heile:-) Hallgeir er sikkert lei seg for at alle bileta eg tok av han blei uklare.... og uegna for bloggen... Jarand var litt trøtt, men koste seg i alle fall framfor tven. Stilig med høg stol!
På toget.

tirsdag, august 18, 2009

Hard veka


Det har vore ei hard veke for stakkars Jarand. På fredag hadde han fått Streptokokkinfeksjon og må ta tilsaman 20ml "penicillin" fordelt på tre dosar om dagen i heile ti dagar. Og da smaka skikkeleg dritt.

I dag måtte han trekka ein av dei store flotte framtennene sine. Noko han nok ikkje var heilt einig i skulle skje. Men ikkje so gale at da ikkje e godt for noko. No har han fått ein ny ting å leika med; ei kiste med ei ekta tann i.

lørdag, august 15, 2009

Ei lita oppdatering

Mari er passert 9 mnd. ferien er slutt og begge foreldra er tilbake på jobb og heime med ungane. Eg er på jobb mandag-onsdag og Kjell Inge er på jobb torsdag og fredag. Tida fram til jul kjem nok til å gå veldig fort!!! Eg likar meg veldig godt både heime og på jobb. Frå neste veke får eg og ei ny rolle. Eg skal ha ansvar for skulebiblioteket på ungdomsskulen i Samnanger dette skuleåret. Det blir spanande!

Jarand er begynt på utegruppa i barnehagen. Han syntest det var veldig trist når me skulle gå om morgonen den første veka. Andre veka sa han "Mamma, i dag skal eg ikkje grina når du går". Det gjorde han ikkje heller:-) Han må trivast veldig godt, for han har lyst å gå i barnehagen på fridagane sine og i helgene og. Han har heller ikkje tid til å bli med heim når han blir henta i barnehagen. Jarand er i barnehagen tirsdag, onsdag og torsdag.

I byrjinga av månaden var Mari på kontroll på helsestasjonen. Ho var då 67 cm lang og 7390 gram tung. Vesle, skjønne jenta vår! Blir nok babybilstolen ei stund til på ho;-) Ein må vera 9 kg for å bruka den neste stolen me har. Jarand skifta til den då han var 9 mnd. Han mistrivdes i babybilstolen.... Jarand var 70,5 cm og 9100 gram når han var 9 mnd. Han hadde 3 dobla fødselsvekta si han då. Mari har dobla fødselsvekta si;-) Vekt i høve til lengde er veldig fin for Mari, så ho er heilt som ho skal, berre litt kort:-)
Eg var 68 cm og 8500 gram når eg var 9 mnd.

På sykkeltur heilt til fossen og skulen;-)

Når ho mor syklar kjem me ikkje så langt;-) Forandring fryder uansett. Her kosar me oss i sandungen på skulen, måtte nytta på før skulestart.
Mari kunne jo faktisk spa! Sjølv om eg ikkje fekk det med på desse bileta då...

Eg har veldig lyst på ny sykkel, men det skal vell litt meir til enn ny sykkel for å komma oss på lengre tur;-):-)

Heime

Mari synst ikkje det er nødvendig å setja vekk vippestopen sjølv om ho er blitt stor jente!
Det gjorde litt inntrykk på Jarand at doktoren teikna på hudområdet som var raudt pga streptokokkar.
Eit usedvanleg bra leikebilete.... Eg har vore dårleg til å hugsa å ta bilete i det siste. Mari gjer stadig nye ting og eg tenkjer at det må eg ta bilete av neste gong ho gjer det;-) Får sjå om eg klarar å ta noko betre enn dette. Bilteppet og leikekjøkkenet er i alle fall veldig populære leikeplassar heime i stova hos oss.

onsdag, august 12, 2009

I bæremeisen



Mari er jammen liten i bæremeisen. Ser no ut som om begge to synst det er kjekt på tur. Jarand er litt lat innimellom, så han synst bæremeis er ein god ide;-)


tirsdag, juli 14, 2009

Jarand og Mari

Mari elskar å spela på denne leiken.
Jarand likar seg godt på bilteppet. Flatt landskap er litt keisamt...
Kjell Inge har pynta pyjamasen til Mari litt...
Full fart! "Du kara ikkje ta meg mamma" "Eg vinne, eg vinne lett".
Mari er blitt 8 månadar og ei veke gammal. Ei veke før ho blei 8 månadar klarte ho å setja seg og på kne og deretter reisa seg opp når ho heldt seg i noko. No vil ho helst stå heile tida;-) Balansen blir betre for kvar dag, sjølv om den er langt i frå god enda... Det blir ein del knall og fall...
Jarand er verkeleg i "koffor-da"-alderen. Han spør om så mykje. Når me køyrer bil spør han alltid om kor lang tid det er igjen. "Å, ja!" seier han når me seier det er 10 eller 50 minuttar igjen. Eg veit ikkje om svara våre seier han så mykje enda;-) Han er blitt meir sosial, men og meir sjenert enn han har vore før. Foreldra og Mari er litt keisamt selskap innimellom, så han har veldig lyst ein tur i barnehagen. Barnehagen er diverre sommarstengt, så det går ikkje så bra. Det hjelper heldigvis å gå på besøk.

lørdag, juli 11, 2009

Botnen

Etter hard planlegging fekk me oss ein tur til Botnen - det er ikkje feitt med båtruter til denne veglause bygda innerst i Fyksesund, derfor må ein tur planleggast. Men me kom oss både inn og ut. (Må legga til at utatt kom me oss takka vera ein god kollega som tilfeldigvis var på same båten og kunne låna meg nokre grunkar - me vart robba på båten inn, der dei skulle ha full pris for ungane...noko som avviker litt frå nettsidene som sa gratis...) - det er med andre ord berre flaks at me ikkje vart sett av på Spjotneset og sit der og lurar.


Frå Peer Gynt som går i rute mellom Steinestø og Botnen. Ei turistrute med guaid på bånd, sal av både is og øl og greier og greier. Utatt tok me "postbåten" som går to dagar mellom Porsmyr og Botnen. Ei heilt anna oppleving. Fine begge, på kvart sitt vis.

Bejautifull waterfalls in Fyksesund

Botnen, med Løkjedalsnuten rett i mot.

Vel framme måtte heltane ha mat. Pannekaker ala toro vart middag fyrste dagen.

På tur innover Flatabødalen mot Flatabøstølen. Me kom oss ikkje heilt inn i dag. Kanskje neste gong... På bildet over er eg og Mari litt oppgitt over at Havrekjeksen inneheld berre 18% havre...
Litt spektakulær hytteplassering - Kiellandsbu på Løkjedalsnuten. Ubetjent(har ved/gass og senger men ikkje mat) DNT hytte. Dit skal eg.

Opphaldet går mot slutten og me nyter ein middag beståande av spagetti og umodifisert Dolmio, sjeldan kost.
Vårt casa for anledningen. Botnen skulehus er no "firmahytte" for Kvam herad. Den ligg berre hundre meter frå kaien og har det ein treng for eit opphold bortsett frå mat. Faktisk det ein treng for eit opphold for 12 personar. Og kostar 200kr døgnet. Kan nok bli fleire tuar hit...

Austevoll

Ein sundag tidleg i juli fekk me lokka med oss Marit og Johannes på ein omvisning på Austevoll. Hovedmålet med turen var å sjå Stolmen, der oldefar til Mari og Jarand kom i frå.

Marit og Johannes ordna med eigne guaidar, Vidar og Marit, som visste kor me skulle køyra og slikt.

Så etter ein jordbær-og-is-stopp hjå Vidar og Marit gjekk turen til Stolmen der me blandt anna fekk sjå grunnmurane etter barndomsheimen til oldefaren og ein stopp på kyrkjegarden der dei i tillegg til ein eigen kolera-avdeling hadde grava til tippoldemor til Mari og Jarand.

Det var ein vakker dag i Austevoll. Sol og utan vind. Fin plass med litt annleis terreng, men må vel innrømma at for meg vert det litt for flatt. Austevoll har sitt høgste punkt på latterlige 244moh (Loddo).

Guaidane Marit og Vidar, besteforeldra Marit og Johannes. Astrid er og ser etter to sovande ungar.

Tippoldemor/Oldemors gravstad.

I Bekkjarvik vart det mat, og me tok ein familievenleg stopp på ei lokal badestrand, mens resten av turfylgjet køyrde heilt nordvest i Austevoll. Nokon trong ein liten pause horisontalt. Det er hardt å vera småbarnsfar og samtidig vera oppe halve natta...

fredag, juli 10, 2009

Utfordring

Eg blei utfordra av Else Marie

1. Gå til mine bilete
2. Velg mappe nr. 6.
3. Finn det 6. bilete
4. Legg det ut på bloggen din og send utfordringa til seks andre

Overraskande nok er det Mari som kom opp som sjette bilete i sjette mappe med bilete frå i år. Dette bilete er frå midten av januar.

Mari 5. mnd. gammal, ganske typisk for ho med tunga ut når ho har det kjekt. Leitar eg i mine bilete på datamaskina kjem dette bilete opp.

Eg utfordrar

http://kjellaug.blogspot.com/

http://www.kvamholmefjord.blogspot.com/

http://fam-nordheim.blogspot.com/

http://www.olvegutten.blogspot.com/

http://www.unedune.org/

http://lukassin.blogspot.com/

mandag, juli 06, 2009

Endeleg larm

Itte to år dar da berre ikkje har passa so skulle da i år endeleg bli Bygdalarm på oss. Fredag hadde me ordna med barnevakter og var på plass litt over seks.

Fekk med oss fire band i løpet av kvelden, og må vel sei at Side brok gjorde best inntrykk med Ash på ein klar andreplass. The School sleit me litt med i starten med dei kom seg ittekvart, utan at me sping avgårde for å kjøpe plate. Florence Valentin vart vel kveldens mest forgløymelege på ein måte. Det vart veldig veldig svensk. Og det til tross for at vokalen forsvann i all den andre lyden.

Ølkøane vart litt vel lange ittekvart, men hardangergrillen som avslutta kvelden var veldig god! Veldig fin stemning, og veret var jo fantastisk. Trur nok me kjem att seinare.

Ash...unektleg eit dårleg bandnavn i Noreg. Æsj.

Også Ash.
Øl var ikkje æsj.