søndag, februar 20, 2011

torsdag, desember 23, 2010

Vetlajulafto:-)

 Juletreet er pynta, Mari har baka pynt i barnehagen og Kjell Inge vann seg ei julestjerne på julelunsjen. Nesten alle gåvene er pakka inn og nesten alle julekorta er sendt... golvvasken har me ikkje teke så nøye på, men me har bakt nokre rare kaker:-) Baking er mykje gøyare enn golvvask! Ute snør det som berre det, julestemning! Sånt likar me!!!

tirsdag, desember 21, 2010

21. desember - gamle bilete på pcen til Besto og Besten

Eg  er på Holmefjord og har bedreve litt julegåvetransport i kveld, så då får me sjå om Besto og Besten hadde nokre bilete som kunne publiserast.

Eg fann ein som likar skrekkspel og ein som ikkje likar det noko særleg. Gjett kven som er kven! Jarand var ikkje store karen her!


Inge, Solfrid, Kjell Inge og Johannes var på tur saman med Burlifjellet som mål hausten 2008. Dei som vil

mandag, desember 20, 2010

20. desember - meir Mallorca

To badefilmar og eit bilete av Mari som stikk av. Ho måtte me følgja godt med, for plutseleg berre sprang ho avgarde på stranda. Jarand har aldri gjort sånt, men eg skremte livet av mine foreldre med å stikka av på Sola-stranda då eg var liten...

søndag, desember 19, 2010

19. desember - Mallorca i oktober

Litt inneleik før kvelden. Lego er kjekt!
 I oktober var me på 1 vekes ferietur til Mallorca. Turmålet blei valt fordi det gjekk an å reisa dit frå Bergen og flyturen tok kortare tid enn til ein del andre "Syden-plassar". Me budde her og likte oss godt der. Me budde nord på Mallorca ikkje så langt ifrå Pureto de Alcudia.
Har det vore vestlendingar her før???

Stranda heitte Playa del Muro


Mari syntest at vatnet var litt kaldt. Jarand var ueinig!

Var kanskje ikkje så lurt å bestilla Spagetti (pasgetti, som Jarand seier), når me ikkje hadde smikka med til Mari... Det blei mykje komfri (pomes frites) på Jarand og Mari, det var favorittretten til Jarand på tur.

Me hadde to dagar med overskya. Det var heilt greitt det, me kunne jo uansett ikkje berre vera på stranda. Første overskya dag leigde me vil og reiste først på grottetur og så i ein dyrepark som me køyrde gjennom. "Heisann" eller "Hei, hai!" sa Mari til alle dyra. Ho fekk ei lita oppvsing tilbake frå flodhestane.

Endeleg fekk Jarand sitt ein ordeleg tiger. Hans tiger likna kanskje ikkje så veldig... Delen der dyra gjekk fritt av dyreparken var fin. Delen med dyr i bur og dyr som hadde oppvisning synst eg var trist, sjølv om eg er glad for at tigeren ikkje gjekk fritt!!! Såg ganske slitt ut i dyreparken.

Både caps og solbriller var godkjent å ha på seg:-)


Jarand og Kjell Inge bygde nokre tøffe sandslott!

"Campen vår" på stranda i bakgrunnen. Mari sov veldig godt i vogna.


Dei site dagane vart det store bøljer litt ut på dagen. Jarand syntest dette var stooooor stas. Mari syntest det var "gummelt" og heldt seg helst på land.





"Sjå ei dokkevogn", sa Jarand når han såg ei paraplytrille.... På sandstrendene så gotta me oss litt over paraplytrillene som måtte bærast over sanden, så får dei heller le av oss når me ikkje klarar å snu mellom trange butikkhyller;-) Det er fint plass til begge ungane i vogna vår, så lenge dei vil. Mari likar ikkje å dela vogna og Jarand påstår at den enda er hans.

Den andre dagen det var overskya gjekk me langs vegen og strandpromenaden til me var lei og gjekk heim att.







Det er diverre bøller som øydelegg sandslott på stranda, me hadde med oss ei sånn bølle...






Jarand har spurt fleire gongar om kortid på skal til Mallorca igjen, det var så kjekt å vera der!!!

lørdag, desember 18, 2010

18. desember - lefser

Nordlandslefse frå Hardanger
 I dag hadde me eigentleg tenkt å testa skiløypene på Sjusete, men så var det så mykje vind at me bestemte oss for å gjera noko me ikkje kan i stadan for. Me har bakt lefser. Utstyrt med to bøker: "Ta til takke" og "Lefser fra hele landet" sette me i gong.

Var mykje geografi i lefsebøkene. Me har prøvd å laga "Nordlandslefse frå Hardanger" og Hardinger/sunnmørslefse.


Lefsene våre liknar nok ikkje på andre sine lefser... Det var ikkje så lett å få dei runde, det var strevsomt nok å passa på at dei ikkje limte seg fast i bordet.. Eg trur me må på kurs hos Solfrid.