 |
| Litt inneleik før kvelden. Lego er kjekt! |
I oktober var me på 1 vekes ferietur til Mallorca. Turmålet blei valt fordi det gjekk an å reisa dit frå Bergen og flyturen tok kortare tid enn til ein del andre "Syden-plassar". Me budde
her og likte oss godt der. Me budde nord på Mallorca ikkje så langt ifrå Pureto de Alcudia.
 |
| Har det vore vestlendingar her før??? |
 |
| Stranda heitte Playa del Muro |
 |
| Mari syntest at vatnet var litt kaldt. Jarand var ueinig! |
 |
| Var kanskje ikkje så lurt å bestilla Spagetti (pasgetti, som Jarand seier), når me ikkje hadde smikka med til Mari... Det blei mykje komfri (pomes frites) på Jarand og Mari, det var favorittretten til Jarand på tur. |
 |
| Me hadde to dagar med overskya. Det var heilt greitt det, me kunne jo uansett ikkje berre vera på stranda. Første overskya dag leigde me vil og reiste først på grottetur og så i ein dyrepark som me køyrde gjennom. "Heisann" eller "Hei, hai!" sa Mari til alle dyra. Ho fekk ei lita oppvsing tilbake frå flodhestane. |
 |
| Endeleg fekk Jarand sitt ein ordeleg tiger. Hans tiger likna kanskje ikkje så veldig... Delen der dyra gjekk fritt av dyreparken var fin. Delen med dyr i bur og dyr som hadde oppvisning synst eg var trist, sjølv om eg er glad for at tigeren ikkje gjekk fritt!!! Såg ganske slitt ut i dyreparken. |
 |
| Både caps og solbriller var godkjent å ha på seg:-) |
 |
| Jarand og Kjell Inge bygde nokre tøffe sandslott! |
 |
| "Campen vår" på stranda i bakgrunnen. Mari sov veldig godt i vogna. |
 |
| Dei site dagane vart det store bøljer litt ut på dagen. Jarand syntest dette var stooooor stas. Mari syntest det var "gummelt" og heldt seg helst på land. |
 |
| "Sjå ei dokkevogn", sa Jarand når han såg ei paraplytrille.... På sandstrendene så gotta me oss litt over paraplytrillene som måtte bærast over sanden, så får dei heller le av oss når me ikkje klarar å snu mellom trange butikkhyller;-) Det er fint plass til begge ungane i vogna vår, så lenge dei vil. Mari likar ikkje å dela vogna og Jarand påstår at den enda er hans. |
 |
| Den andre dagen det var overskya gjekk me langs vegen og strandpromenaden til me var lei og gjekk heim att. |
 |
| Det er diverre bøller som øydelegg sandslott på stranda, me hadde med oss ei sånn bølle... |
Jarand har spurt fleire gongar om kortid på skal til Mallorca igjen, det var så kjekt å vera der!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar