lørdag, desember 18, 2010

18. desember - lefser

Nordlandslefse frå Hardanger
 I dag hadde me eigentleg tenkt å testa skiløypene på Sjusete, men så var det så mykje vind at me bestemte oss for å gjera noko me ikkje kan i stadan for. Me har bakt lefser. Utstyrt med to bøker: "Ta til takke" og "Lefser fra hele landet" sette me i gong.

Var mykje geografi i lefsebøkene. Me har prøvd å laga "Nordlandslefse frå Hardanger" og Hardinger/sunnmørslefse.


Lefsene våre liknar nok ikkje på andre sine lefser... Det var ikkje så lett å få dei runde, det var strevsomt nok å passa på at dei ikkje limte seg fast i bordet.. Eg trur me må på kurs hos Solfrid.






2 kommentarer:

solfrid sa...

Syns lefsene ser lekre ut eg,håpar me får smaka .Og artig å sjå ivrige ungar som kjevlar :)

Astrid Holmefjord sa...

Klart de skal få smaka!!! Me tenkte ha lefser til nyttårsfeiringa:-)