Blir nok ei stund til me ikkje har snø i hagen lenger;-)
søndag, februar 20, 2011
fredag, desember 24, 2010
torsdag, desember 23, 2010
Vetlajulafto:-)
Juletreet er pynta, Mari har baka pynt i barnehagen og Kjell Inge vann seg ei julestjerne på julelunsjen. Nesten alle gåvene er pakka inn og nesten alle julekorta er sendt... golvvasken har me ikkje teke så nøye på, men me har bakt nokre rare kaker:-) Baking er mykje gøyare enn golvvask! Ute snør det som berre det, julestemning! Sånt likar me!!!
onsdag, desember 22, 2010
tirsdag, desember 21, 2010
21. desember - gamle bilete på pcen til Besto og Besten
Eg er på Holmefjord og har bedreve litt julegåvetransport i kveld, så då får me sjå om Besto og Besten hadde nokre bilete som kunne publiserast.
Eg fann ein som likar skrekkspel og ein som ikkje likar det noko særleg. Gjett kven som er kven! Jarand var ikkje store karen her!
Eg fann ein som likar skrekkspel og ein som ikkje likar det noko særleg. Gjett kven som er kven! Jarand var ikkje store karen her!
Inge, Solfrid, Kjell Inge og Johannes var på tur saman med Burlifjellet som mål hausten 2008. Dei som vil 

mandag, desember 20, 2010
20. desember - meir Mallorca
To badefilmar og eit bilete av Mari som stikk av. Ho måtte me følgja godt med, for plutseleg berre sprang ho avgarde på stranda. Jarand har aldri gjort sånt, men eg skremte livet av mine foreldre med å stikka av på Sola-stranda då eg var liten...
søndag, desember 19, 2010
19. desember - Mallorca i oktober
| Litt inneleik før kvelden. Lego er kjekt! |
| Har det vore vestlendingar her før??? |
| Stranda heitte Playa del Muro |
| Mari syntest at vatnet var litt kaldt. Jarand var ueinig! |
| Både caps og solbriller var godkjent å ha på seg:-) |
| Jarand og Kjell Inge bygde nokre tøffe sandslott! |
| "Campen vår" på stranda i bakgrunnen. Mari sov veldig godt i vogna. |
| Dei site dagane vart det store bøljer litt ut på dagen. Jarand syntest dette var stooooor stas. Mari syntest det var "gummelt" og heldt seg helst på land. |
| Den andre dagen det var overskya gjekk me langs vegen og strandpromenaden til me var lei og gjekk heim att. |
| Det er diverre bøller som øydelegg sandslott på stranda, me hadde med oss ei sånn bølle... |
Jarand har spurt fleire gongar om kortid på skal til Mallorca igjen, det var så kjekt å vera der!!!
lørdag, desember 18, 2010
18. desember - lefser
| Nordlandslefse frå Hardanger |
Var mykje geografi i lefsebøkene. Me har prøvd å laga "Nordlandslefse frå Hardanger" og Hardinger/sunnmørslefse.
| Lefsene våre liknar nok ikkje på andre sine lefser... Det var ikkje så lett å få dei runde, det var strevsomt nok å passa på at dei ikkje limte seg fast i bordet.. Eg trur me må på kurs hos Solfrid. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)





