onsdag, mai 25, 2011

London - del 2

På dag to var målet vårt å treffa Charlotte, som eg budde saman med i Oslo, og mannen hennar på Natural History Museum. Jarand gleda seg veldig til dinosaurmuseet. Han blei ikkje skuffa:-)
Eit tre som er eldre enn dinosaurane.
Utanfor museet

Rett innanfor døra hadde dei dinosaurskjellett
Denne var litt større enn hjorten på veggen på Holmefjord;-)
Kjempetyranosaurus Rex som bevegar på seg!
Det burde ikkje gå an, men dette er det enaste bilete der me har fått med Charlotte og Waiman, klart og tydlege bak i bilete;-) Det blei nok litt mykje dinosaurfokus!
Jarand sprang først for å sjå på alt som var utstilt.
Jordklodeavdelinga. Her var det naturkatastrofar, stein osv.
Jarand måtte sjå Rex ein gong til.


Rommet vårt på Britannica International hotel, London. Absolutt å anbefala!
Utsikt frå rommet.
Jarand fekk seg eigen trillekoffert.



Mykje rulletrappkøyring i London.
Me kjøpte oss Oystercard, veldig grei ordning. Eit slags kontantkort som sikrar deg billigaste billettar. Det gjeld i London. Jarand likte godt å ta T-banen. I tillegg fekk han ein tur ein tur i 2. etg på ein buss, det var stas!

fredag, mai 20, 2011

London, del 1

I byrjinga av april var eg, Kjell Inge og Jarand på langhelg til London. Mari ferierte i Ålvik hos bestemor og bestefar. Alle saman hadde det veldig fint:-)
Gode turistar som me er, så begynte me med London Eye River Cruise.
Jarand ser på London Eye og lurer på om det er nokon god ide...


Parlamentet hadde vore kongebustad, men kongen syntest at Themsen lukta så fælt, så han flytta.
Tower bridge
Nydeleg vèr, så eg og Kjell Inge slo til med årets første softis. Jarand ville ha saftis.
Jarand vart fasinert av Mikke Mus, men turde ikkje gå så nære aleine.
Ein ser litt rar ut i vidvinkellinse, eller kanskje det er sånn me ser ut???
London Eye, eller karusellen som Jarand seier var ikkje skummel i det heile!

Jarand ville og ta bilete:-)
Jarand tar bilete av foreldra sine (framleis vidvinkel...)
Middag på "Hush" Me fann ein plass i guideboka som skulle ha så koseleg uteservering. Sidan det var så flott vèr, så måtte me jo eta ute. M tenkte først på å sjekka kva dei serverte når me kom fram. Blei den dyraste burgeren me har kjøt, men så var den god òg då:-)

tirsdag, mai 03, 2011

Dei får sagt det

Det har vore litt dårleg med blogginga ei stund no, får sjå om me kjem så langt å leggja ut nokre nye bilete etterkvart.

Litt sitat frå Mari og Jarand følgjer.

Jarand kjem heim frå påskeferie:
"Hæ?!!! Da må ha vore nåken her. Da e`so ryddig her! Kem e`da so har gjort da?"
Me prøver å ha det ryddig til me får besøk iallefall og fredag før me reiste til Bakka på påskeferie var Besto og Besten på besøk;-)

Mari prøver bundaden som besto hadde når ho var liten:
"Mari e`fin" seier Mari og stråler når ho ser speglbilete sitt. "No må eg ikkje griiisa på meg!"

Jarand om lukten av vår i Steinsdalen:
"Å fyttirakaren, da lokta drit og bæsj!" Har stormar inn i bilen. "Få på innelokten, mamma!"

Mari er sjefen
Eg: "Kan du henta joggesko og hua Mari?" Mari: "Nei, du kan gjera da, du kan henta da!"

Ho skal gjera alt sjølv, men innser av og til at ting kan bli litt vanskeleg. Mari kjem med ei klemma ho vil ha i håret: "Me gjera lag?"

Mari får med seg mykje
Kjell Inge kjem og hentar ho i barnehagen og har på seg nokre joggesko han ikkje har brukt så mykje enda.
"Har du nye sko pappa? Har du da?"

søndag, februar 20, 2011

torsdag, desember 23, 2010

Vetlajulafto:-)

 Juletreet er pynta, Mari har baka pynt i barnehagen og Kjell Inge vann seg ei julestjerne på julelunsjen. Nesten alle gåvene er pakka inn og nesten alle julekorta er sendt... golvvasken har me ikkje teke så nøye på, men me har bakt nokre rare kaker:-) Baking er mykje gøyare enn golvvask! Ute snør det som berre det, julestemning! Sånt likar me!!!

tirsdag, desember 21, 2010

21. desember - gamle bilete på pcen til Besto og Besten

Eg  er på Holmefjord og har bedreve litt julegåvetransport i kveld, så då får me sjå om Besto og Besten hadde nokre bilete som kunne publiserast.

Eg fann ein som likar skrekkspel og ein som ikkje likar det noko særleg. Gjett kven som er kven! Jarand var ikkje store karen her!


Inge, Solfrid, Kjell Inge og Johannes var på tur saman med Burlifjellet som mål hausten 2008. Dei som vil

mandag, desember 20, 2010

20. desember - meir Mallorca

To badefilmar og eit bilete av Mari som stikk av. Ho måtte me følgja godt med, for plutseleg berre sprang ho avgarde på stranda. Jarand har aldri gjort sånt, men eg skremte livet av mine foreldre med å stikka av på Sola-stranda då eg var liten...

søndag, desember 19, 2010

19. desember - Mallorca i oktober

Litt inneleik før kvelden. Lego er kjekt!
 I oktober var me på 1 vekes ferietur til Mallorca. Turmålet blei valt fordi det gjekk an å reisa dit frå Bergen og flyturen tok kortare tid enn til ein del andre "Syden-plassar". Me budde her og likte oss godt der. Me budde nord på Mallorca ikkje så langt ifrå Pureto de Alcudia.
Har det vore vestlendingar her før???

Stranda heitte Playa del Muro


Mari syntest at vatnet var litt kaldt. Jarand var ueinig!

Var kanskje ikkje så lurt å bestilla Spagetti (pasgetti, som Jarand seier), når me ikkje hadde smikka med til Mari... Det blei mykje komfri (pomes frites) på Jarand og Mari, det var favorittretten til Jarand på tur.

Me hadde to dagar med overskya. Det var heilt greitt det, me kunne jo uansett ikkje berre vera på stranda. Første overskya dag leigde me vil og reiste først på grottetur og så i ein dyrepark som me køyrde gjennom. "Heisann" eller "Hei, hai!" sa Mari til alle dyra. Ho fekk ei lita oppvsing tilbake frå flodhestane.

Endeleg fekk Jarand sitt ein ordeleg tiger. Hans tiger likna kanskje ikkje så veldig... Delen der dyra gjekk fritt av dyreparken var fin. Delen med dyr i bur og dyr som hadde oppvisning synst eg var trist, sjølv om eg er glad for at tigeren ikkje gjekk fritt!!! Såg ganske slitt ut i dyreparken.

Både caps og solbriller var godkjent å ha på seg:-)


Jarand og Kjell Inge bygde nokre tøffe sandslott!

"Campen vår" på stranda i bakgrunnen. Mari sov veldig godt i vogna.


Dei site dagane vart det store bøljer litt ut på dagen. Jarand syntest dette var stooooor stas. Mari syntest det var "gummelt" og heldt seg helst på land.





"Sjå ei dokkevogn", sa Jarand når han såg ei paraplytrille.... På sandstrendene så gotta me oss litt over paraplytrillene som måtte bærast over sanden, så får dei heller le av oss når me ikkje klarar å snu mellom trange butikkhyller;-) Det er fint plass til begge ungane i vogna vår, så lenge dei vil. Mari likar ikkje å dela vogna og Jarand påstår at den enda er hans.

Den andre dagen det var overskya gjekk me langs vegen og strandpromenaden til me var lei og gjekk heim att.







Det er diverre bøller som øydelegg sandslott på stranda, me hadde med oss ei sånn bølle...






Jarand har spurt fleire gongar om kortid på skal til Mallorca igjen, det var så kjekt å vera der!!!