fredag, juni 03, 2011
onsdag, juni 01, 2011
Spel
Jarand er blitt ivrig på å laga ting. Han har laga fleire spel. Det er ikkje så godt å vita kva ein skal gjera for å vinna i spela, for han lagar reglane etterkvart.
onsdag, mai 25, 2011
London - del 2
På dag to var målet vårt å treffa Charlotte, som eg budde saman med i Oslo, og mannen hennar på Natural History Museum. Jarand gleda seg veldig til dinosaurmuseet. Han blei ikkje skuffa:-)
Det burde ikkje gå an, men dette er det enaste bilete der me har fått med Charlotte og Waiman, klart og tydlege bak i bilete;-) Det blei nok litt mykje dinosaurfokus!
Jarand sprang først for å sjå på alt som var utstilt.
Jordklodeavdelinga. Her var det naturkatastrofar, stein osv.
Jarand måtte sjå Rex ein gong til.
Rommet vårt på Britannica International hotel, London. Absolutt å anbefala!
Utsikt frå rommet.
Jarand fekk seg eigen trillekoffert.
Mykje rulletrappkøyring i London.
Eit tre som er eldre enn dinosaurane.
Utanfor museet
Rett innanfor døra hadde dei dinosaurskjellett
Denne var litt større enn hjorten på veggen på Holmefjord;-)
Kjempetyranosaurus Rex som bevegar på seg!Det burde ikkje gå an, men dette er det enaste bilete der me har fått med Charlotte og Waiman, klart og tydlege bak i bilete;-) Det blei nok litt mykje dinosaurfokus!
Jarand sprang først for å sjå på alt som var utstilt.
Jordklodeavdelinga. Her var det naturkatastrofar, stein osv.
Jarand måtte sjå Rex ein gong til.
Rommet vårt på Britannica International hotel, London. Absolutt å anbefala!
Utsikt frå rommet.
Jarand fekk seg eigen trillekoffert.
Mykje rulletrappkøyring i London.
Me kjøpte oss Oystercard, veldig grei ordning. Eit slags kontantkort som sikrar deg billigaste billettar. Det gjeld i London. Jarand likte godt å ta T-banen. I tillegg fekk han ein tur ein tur i 2. etg på ein buss, det var stas!
fredag, mai 20, 2011
London, del 1
I byrjinga av april var eg, Kjell Inge og Jarand på langhelg til London. Mari ferierte i Ålvik hos bestemor og bestefar. Alle saman hadde det veldig fint:-)
| Gode turistar som me er, så begynte me med London Eye River Cruise. |
| Jarand ser på London Eye og lurer på om det er nokon god ide... |
| Parlamentet hadde vore kongebustad, men kongen syntest at Themsen lukta så fælt, så han flytta. |
| Tower bridge |
| Nydeleg vèr, så eg og Kjell Inge slo til med årets første softis. Jarand ville ha saftis. |
| Jarand vart fasinert av Mikke Mus, men turde ikkje gå så nære aleine. |
| Ein ser litt rar ut i vidvinkellinse, eller kanskje det er sånn me ser ut??? |
| London Eye, eller karusellen som Jarand seier var ikkje skummel i det heile! |
| Jarand ville og ta bilete:-) |
| Jarand tar bilete av foreldra sine (framleis vidvinkel...) |
tirsdag, mai 03, 2011
Dei får sagt det
Det har vore litt dårleg med blogginga ei stund no, får sjå om me kjem så langt å leggja ut nokre nye bilete etterkvart.
Litt sitat frå Mari og Jarand følgjer.
Jarand kjem heim frå påskeferie:
"Hæ?!!! Da må ha vore nåken her. Da e`so ryddig her! Kem e`da so har gjort da?"
Me prøver å ha det ryddig til me får besøk iallefall og fredag før me reiste til Bakka på påskeferie var Besto og Besten på besøk;-)
Mari prøver bundaden som besto hadde når ho var liten:
"Mari e`fin" seier Mari og stråler når ho ser speglbilete sitt. "No må eg ikkje griiisa på meg!"
Jarand om lukten av vår i Steinsdalen:
"Å fyttirakaren, da lokta drit og bæsj!" Har stormar inn i bilen. "Få på innelokten, mamma!"
Mari er sjefen
Eg: "Kan du henta joggesko og hua Mari?" Mari: "Nei, du kan gjera da, du kan henta da!"
Ho skal gjera alt sjølv, men innser av og til at ting kan bli litt vanskeleg. Mari kjem med ei klemma ho vil ha i håret: "Me gjera lag?"
Mari får med seg mykje
Kjell Inge kjem og hentar ho i barnehagen og har på seg nokre joggesko han ikkje har brukt så mykje enda.
"Har du nye sko pappa? Har du da?"

søndag, februar 20, 2011
fredag, desember 24, 2010
torsdag, desember 23, 2010
Vetlajulafto:-)
Juletreet er pynta, Mari har baka pynt i barnehagen og Kjell Inge vann seg ei julestjerne på julelunsjen. Nesten alle gåvene er pakka inn og nesten alle julekorta er sendt... golvvasken har me ikkje teke så nøye på, men me har bakt nokre rare kaker:-) Baking er mykje gøyare enn golvvask! Ute snør det som berre det, julestemning! Sånt likar me!!!
onsdag, desember 22, 2010
tirsdag, desember 21, 2010
21. desember - gamle bilete på pcen til Besto og Besten
Eg er på Holmefjord og har bedreve litt julegåvetransport i kveld, så då får me sjå om Besto og Besten hadde nokre bilete som kunne publiserast.
Eg fann ein som likar skrekkspel og ein som ikkje likar det noko særleg. Gjett kven som er kven! Jarand var ikkje store karen her!
Eg fann ein som likar skrekkspel og ein som ikkje likar det noko særleg. Gjett kven som er kven! Jarand var ikkje store karen her!
Inge, Solfrid, Kjell Inge og Johannes var på tur saman med Burlifjellet som mål hausten 2008. Dei som vil 

mandag, desember 20, 2010
20. desember - meir Mallorca
To badefilmar og eit bilete av Mari som stikk av. Ho måtte me følgja godt med, for plutseleg berre sprang ho avgarde på stranda. Jarand har aldri gjort sånt, men eg skremte livet av mine foreldre med å stikka av på Sola-stranda då eg var liten...
søndag, desember 19, 2010
19. desember - Mallorca i oktober
| Litt inneleik før kvelden. Lego er kjekt! |
| Har det vore vestlendingar her før??? |
| Stranda heitte Playa del Muro |
| Mari syntest at vatnet var litt kaldt. Jarand var ueinig! |
| Både caps og solbriller var godkjent å ha på seg:-) |
| Jarand og Kjell Inge bygde nokre tøffe sandslott! |
| "Campen vår" på stranda i bakgrunnen. Mari sov veldig godt i vogna. |
| Dei site dagane vart det store bøljer litt ut på dagen. Jarand syntest dette var stooooor stas. Mari syntest det var "gummelt" og heldt seg helst på land. |
| Den andre dagen det var overskya gjekk me langs vegen og strandpromenaden til me var lei og gjekk heim att. |
| Det er diverre bøller som øydelegg sandslott på stranda, me hadde med oss ei sånn bølle... |
Jarand har spurt fleire gongar om kortid på skal til Mallorca igjen, det var så kjekt å vera der!!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)