mandag, juni 26, 2006

Jordalsnuten 11.Juni


Søndag 11 juni var det kart for å kompletera Nærøydalsryggen, som me gjekk resten av eit par gonger i fjor, men lot Jordalsnuten vera att - for noko måtte me jo gjera i år og.

Da gjekk litt tungt i liane opp frå Jordalen. Laurdagen vart lang med opning av verdsarvområdet og feiring med grilling og god drikka på kvelden. Og natta. Likevel var me i gong før klokka var tolv.

Itte mellom to og tre timar var me på toppen 500høgdemeter over der me starta, da va ein perfekt dag å vera dar - nesten vindstille(berre litt trekk so kjølte oss ned), varmt, og klart i veret elles.

Jordalsnuten baud på flott utsikt, sjølv om den må sjå seg slått av fleire av toppane lengre ute på ryggen.

Det fyrsebildet viser turmålet sett nokre dagar etter bestigninga frå Stalheimskleiva. Køyr den om du er i nærleiken. Og ikkje redd for bratte svingar. Stiging 1:5 på da brattaste.


Underteikna poserar slik ein topp-bestigar bør posera.

Magnar klatra og på varden på toppen for å posera. Godt nøgd med å endeleg vera på toppen av Jordalsnuten.

Utsikten nedover Nærøydalen. Kjelsfossen - verdens 8. (?) lengste foss. (Totalfall) . Skjerpi, skjerpisnuten, Ramsøynuten, Nebbet (der dei hoppar frå under Ekstremsportveko denne veka). På fjellhylla litt over raset midt i bildet budde det folk for mange år sidan på ein gard som heiter Solbjørgo.

Utsikten oppover Nærøydalen med Stalheimskleiva og Stalheimsfossen. Lønahorgi ser ein og midt i bildet.

Ingen kommentarer: