


19. mai var Jarand for første gong oppe på alle fire. Etter den tid har han trent og trent... Me føler at han er så nære eit gjennombrot, men han har ikkje funne ut korleis ein krabbar enda. Det er skikkeleg frustrerande for Jarand, for han vil så gjerne framover! Han kjem litt framover når han ligg på magen òg, men som regel går det bakover eller til sida.
Jarand er blitt ein stor gut! Han har bytt ut vogga med grindsenga, me var litt redde for at han skulle detta ut av vogga... han er aktiv:-)
Heldiggrisen har arva høgstolen til Malena og Stian, så no kan han endeleg sitja ved bordet med oss:-)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar