mandag, juni 19, 2006

Korleis er det ein gjer dette her!




19. mai var Jarand for første gong oppe på alle fire. Etter den tid har han trent og trent... Me føler at han er så nære eit gjennombrot, men han har ikkje funne ut korleis ein krabbar enda. Det er skikkeleg frustrerande for Jarand, for han vil så gjerne framover! Han kjem litt framover når han ligg på magen òg, men som regel går det bakover eller til sida.

Jarand er blitt ein stor gut! Han har bytt ut vogga med grindsenga, me var litt redde for at han skulle detta ut av vogga... han er aktiv:-)

Heldiggrisen har arva høgstolen til Malena og Stian, så no kan han endeleg sitja ved bordet med oss:-)

tirsdag, juni 13, 2006

Verdsarvopning

Nærøyfjorden og store områder rundt vart verna i 2003. I 2005 vart fjorden og området rundt saman med Geriangerfjorden innlemma på UNESCO si verdsarvliste. No på laurdag fann den offesielle opninga av verdsarvområdet stad på Bakka.

Tidleg laurdag morgon. Dei siste førebuingane vert gjort.

Kongeskipet Norge ligg utanfor Bakka. I underkant av 2000 kom for å sjå på opninga.


Dronning Sonja avdukar plaketten utanfor skulehuset på Bakka. Ho gjorde forøvrig ein svært god figur.

Meir om opninga og Unesco World Heritage :

Unesco sine sider
Avisa Hordaland
Bergens Tidende
Sogn Avis
Verdsarv-arbeidet sine sider
Grovt kart over området

Fotballtur

2.pinsedag var det fotballkamp mellom Sogndal og Manglerud-Star. Jarand og Astrid vart med Kjell Inge og Magnar for å helsa på onkel Hallgeir. Og kanskje gå på fotballkamp. Det vart ikkje fotballkamp men godt selskap i hagen til Hallgeir på dei to. Fotballkampen var ikkje allverden å snakka om - ein skamdårleg dommar øydelagde iallefall kampen om han ikkje ødla resultatet for Sogndal sin del og.

Pizza på Dolly Dimples.

Jarand kosar seg i hagen til Hallgeir.

Konfirmasjon

Gunnbjørg skulle konfirmerast på Bakka fø litt øve ei veka sidan. Me var so heldige å vera bedt. Smalahove stod på menyen i fylgje innbydelsen, men skuffelsen vart stor då det viste seg å vera berre ei simpel lammesteik so vart servert :-)


Då Gunnbjørg vart ein ekta kristenjævel. Gratulera.


Gunnbjørg utanfor kyrkja på Bakka.


Da va mykje flott folk i konfirmasjonen. Her e tre generasjonar tyssen-boys samla. Og ein inntrengar frå tufte-folket.


Dessa to kjem nok te å finna på mykje faenskap me tie. Da e berre å passa seg.


Sju sognebunader samla utan for skulehuset på Bakka.

Rimstigfjellet

Me var på Bakka førre helga, og nokon måtte jo berre te fjells. Magnar vart utskremt so velvillig turfylgje. Frå Bakka te Rimstigfjellet e da nesten 1300 høgdemeter. Veret var svært varierande med herleg nysnø på toppen.


Magnar på rundt 850moh. Rimstigen ligg under han og snøen oppå.


Bakkanosi sett frå Rimstigfjellet.


Magnar på Rimstigfjellet 1295moh. Bak han ser me Bakka.

Bakka sett frå Rimstigen. Finaste plassen i verda.

Torefjell

Onsdag for to veker sidan vart da endeleg tur te Torefjell. Da va jevvla flott.

Da e vel sånne daga og sånn utsikt so detta so gjer at vestlandet e best?

Snøen og vinteren har ikkje heilt gitt opp på "baksida" av Torefjell. Myklavatn midt i bildet.

torsdag, mai 25, 2006

Ut på tur

Itte å ha demonstrert, høyrd på Terje Kolbotn og demonstrert endå litt te va da på tid for å ta seg ein tur i skogen og få litt orden på tankane...


Me storkoste oss begge to. Itte å ha pløyd opp fyrste bakken med terengvogna, vart Jarand plassert i bæresele på magen. Sidan eg i all beskjedenheit må sei at eg e nok sprekast og best til å føta meg, og sidan Astrid allerede leda med ni månader, vart det eg so laut bera. Da gjekk kjempefint og eg kunne iallefall ha gått mykje lengre. Jarand preika i eit køyr fyrste 2/3 av turen opp. Resten av turen sat han stille og naut utsikten.


Jarand sine fyrste 2 poeng i Ålviktrimmen e sikra på Kjepsoåsen. No treng han berre 28 te so får han diplom. Stolt e han iallefall. Trur eg. Trur bestemor e stolt og.


Nesten nede att. Trur fyrste turen i terrenget vart ein god opplevelse både for Jarand og dei tre so passa på han. Me rakk nett nedatt te Dagsrevyen og innslag om Ålvik.

Leve Ålvik, leve Ålvik, leve Ålvik

I Ålvik va da i dag demonstrasjon mot nedlegging av Bjølvefossen. Elkem ynskjer å flytta produksjonen til Island på grunn av prisen dei lyt betala for straumen etter at dagens avtalar går ut, iallefall e da da Elkem seie.

Det var bra med folk, rundt 600 seie bt.no. Tre av dei var frå Liabrekka14. Mine fyrste ærleg tente kroner fekk eg frå Bjølvefossen. Det skulle derfor berre mangla at me stillte opp.

Under ei bjørk, i ly for regnet høyrde me på Terje Kolbotn. So får tie visa om Jarand blir ein god sosialist av da.
Toget på veg tilbake til Folketshus frå Torget.
Meir om Ålvik 0g Bjølvefossen
www.hordaland.no
www.bt.no
www.vg.no
www.frifagbevegelse.no
Bløffet oss i valgkampen
Grådighetskultur

Ei god bok om Ålvik og Bjølvefossen får du på biblioteket

Vatn e morro

Å bada i dan nye store badebaljen e jevvla morro!!


Jarand fekk badeleika av Vemund, Brede, Anna og Ole. Dan e kjempekjekk. (Fø so lenge han ha dan å konsentrera seg om, spruta han ikkje meg fodle av vatn)

Jarand trenar

Da e riktig nok snart tre veke sidan, men her e no ein litt artig bildeserie. Sjekk utrykket i ansiktet til guten på bilde to :-) Da e ein so jaggu tek i! Situps tykkje han iallefall e stas.

1/2-årskontroll

23. mai var Jarand på 1/2-årskontroll.

Han er no 67 cm lang, 8136 gram tung og 44,5 cm rundt hovudet.

Jarand var hos helsesøster og hos legen. Begge var nøgde med han:-) Guten vår ser ut til å utvikla seg slik han skal:-)

tirsdag, mai 23, 2006

23. mai!!!!!!!!! Johannes alias Agenten 65 år!!!!!!!!!!!!

På tur til Burlifjellet. Drikkestasjon under Høysteinen.


Gratulerer med dagen til Pappen/Svigerfar/Besten frå oss tre i Liabrekka 14:-)

Jubilanten fekk ikkje det han ønska seg til bursdagen, så han kjøpte det sjølv:-) http://www.volvo.com/trucks/norway-market/no-no/trucks/intro.htm?sel=3 Gratulerer med ny lastebil!!!! Jarand gler seg til du skal ta han med på tur i lastebilen!!!


søndag, mai 21, 2006

21 mai Jarand 1/2 år!!!!!!!

Jammen går tida fort!!!!!

Dagen blei feira i Besten sitt kakelag. Besten blir 65 den 23. mai. Den eine kaka var pynta med bananskiver, slik at Jarand "fekk kaka" og.



Her er luringen vår, som til og med har fått presangar. Magnar kjøpte caps og me kjøpte redningsvest til han då me var på handel i Grove på laurdag.

På sjølvaste 17. mai begynte Jarand å prøva på å komma seg opp på alle fira. 19. mai klarte han det, men ramla fort ned att;-) Når han ligg på magen på golvet, snur han seg rundt for å sjå på det han vil. Han åler seg bakover på golvet, lenger og lenger vekk frå tinga han gjerne skulle hatt tak i;-)

I matvegen, så går det i brystmjølk. Me prøver å gje han tran, men det er lett å gløyma det... Han får smaka banan og grauttilvenninga er ikkje langt unna.