tirsdag, juli 18, 2006

Torefjell

Etter ein prøvetur i beremeis til Bjølveseter fann me ut at no va da på tide med litt skikkelege turar. Torefjell va målet, då me la ut frå parkeringsplassen på Sjusete i halveitt tida.

Veret va strålande og formen kjentes fin for alle tre. Da såg ut til å bli ein fin, varm dag te fjells. Noko da og vart. Me nådde ikkje heilt toppen - da vart stopp på ca. 960moh, altso knappe hundre høgdemeter under toppunktet. Men me va nøgde, og Jarands alder tatt i betraktning trur eg me godkjenne da som hans fyrste tur te Torefjell.


Far og son på veg te Torefjell. Beremeisen e te å veksa i, og da e bra. Beremeisen va dåpspresang frå onkel Oddmund og onkel Halgeir, og e av flottaste modell.

Da vart mange kvilepausar på turen. Her e første pause itte at beremeisen vart teken i bruk (fyrste delen av turen vart gjennomført med vogn). Jarand kosa seg godt i graset.

Ein glad gut

Matpause på 900 meter over havet. Litt leik vart da tid te dar.

Jarand fekk matpause litt seinare på omlag 960moh. Dar fann han og ut at han ville sova litt so han sov ein god halvtime i beremeisen liggande på bakken. Då han vakna, litt for tidleg, va han litt gretten og me tok ikkje sjansen på å gå heilt opp på toppen. Men humøret kom seg raskt, og godt va da.

Ein glad gut II
GPS og Google Earth og me veit kor me har vore.

søndag, juli 16, 2006

Stegastein

Førre helga va me på hytta på Bakka - laurdagen tok me oss ein tur te Aurlandsmarknaden dar me blandt anna plukka med oss ein lokal spesialitet - Geitost. Da e snop da. Men me rakk og å ta ein tur oppom den nye turistmagneten deira på Stegastein. Eit sværa stupebrett kun meint fø dei tøffaste av oss.

Jarand nyte utsikten på tuppen. Dan e upåklageleg. Og dar nede ser me Aurlandsvangen.


Jarand ville gjerne sjekka ut konstruksjonen nærare, og få praktisert dei nyleg oppdaga speed-krabbing teknikkane sine. Og da fekk han.

Her ser me heile dan flotte konstruksjonen alt i limtre(og ei lita metallplata). Nokon so kan skjønna kvifor turistane helle vil dit, enn på dei tronge rasteplassane dei laga i Hardanger ? Eg gjer iallefall.

Bjølveseter

I ytre Ålvik har dei ein støl so heite Bjølveseter, dar ein kan skriva seg i ei bok og få fira poeng. Slikt gjer da lettare å få Astrid te fjells.

Jarand fekk sin fyrste tur te bjølveseter (utanfor magen) og sitt fyrste spede forsøk på beremeis-sitjing. Da vart litt seint på kvelden so Jarand vart trøytt når me skulle nedatt. Noko so resulterte i at far hans måtte ta han i bereselen på magen i staden og småjogga nedover mens han sang "hompetitten hompetatten". Jarand lo heile da kvarteret da tok for oss å komma nedatt te vogna. Dar sovna han på 25 sekunda.


Ingen bilde sa eg, HEY! ta vekk da kameraet!!

Her e gjengen samla. Gullbjørg, Ann Kristin og Mai Lisbet va på besøk i Ålvik og vart med. Alle var sjølvsagt kjempenøgde.

Botnanuten

Dagen itte me nesten va på Såta, vart toppturlysta litt for stor fø underteikna. Botnanuten vart utpeikt som kveldsturmål, øve tusen moh so han e. Litt øve seks la eg ut frå Tokagjelet mot Byrkjesete før da bar opp i skogen mot Nipen og vidare te Bårfjellet og Botnanuten dar eg va på høgsa punktet i sjutie. Mykje fint og litt stygt å sjå.

Ikkje heilt Lucky Luke endå, men berre vent, snart e eg raskare enn min eigen skugge. Norheimsund lang dar nede.
Kvamskogen med Longvotni sntralt i bildet og Tveitakvitingen oppe te høgre. Ka dei ska grava ned kraftlinjo itte kan ein jo lura på, da jo ikkje nett dan eksisterande høgspenten so skjemme ut skogen. Ein start hadde vå å fjerna karavanparkane. Ittepå kunne dei reve hyttene. Og sett inn dunga med beiande geite og fått vekk dei jækla buskvekstane.

Eit stykke uberørt natur. Trur eg. Sunnvordalen. Flott elle ?

Under Såta


Turbildeansvarleg i liabrekka har teke seg ein pause, men vender no grusomt tilbake.

Her er heile gjengen på tur til Mødalen for eit par veke sidan. Mødalen e og kalla Negerlandsbyen. Antageleg fordi bergensarane går dit om vinteren og blir brune. Dit går da veg, so vogna vart benytta. Men me vakje fornøyd, so me fann fram selen og batt minstemann på magen og la i veg mot Såta. Lysta på ein tur opp var tilstades men me stoppa under siste bratte 150-200 høgdemetrane sidan tunge regnskyer kom sigande. Og jammen tok dei oss att under Negerlandsbyen. Men dei va te å leva med.

Øverst har de ein svært engasjert kartlesar oppe i Mødalen. Muleg han ikkje va nøgd med vegvalet. Han snakka fort og og veiva med nevane og eg skjøna ikkje ein drit.



To generasjonar Tyssen på tur her altso. Nett so fornøyd ein Tyssen ska ve når han e på tur.

torsdag, juli 13, 2006

Ut og gå:-)

..eller gå og gå fru Blom... Jarand flyttar beina bortover om han har noko å halda seg i og det er noko han vil ha tak i. Når han ikkje held seg fast, ramlar han med ein gong;-)




tirsdag, juli 11, 2006

Jarand gratulerer: Onkel Hallgeir 22 år!!!


Gratulerer med overstått bursdag 9. juli!!!!!!!!!!!!!

Jarand reiser seg opp:-)

Denne karen når snart til over alt;-) Han reiser seg opp sjølv når han har noko å støtta seg til. Me får nok teke eit betre bilete ein annan gong:-)

Jarand køyer bil!

På Drageset spar på Skulstadmoen har dei handlevognbilar. Ei sånn ei måtte me prøva!

Iron Maiden

Jarand Har fått Iron Maiden T-skjorte av onkel Tormod. Liten tøffing! Salatslynga til mamma er og tøff...!

På besøk til Hans og Ragna Helene og resten av gjengen!

Hans var ikkje heilt vaken då Ragna Helene var han ned i stova. Han syntest nok at Jarand herja litt fælt "tidleg på morgonen".
Hans har fått to tenner.
Jarand og Ragna Helene

Jarand badar utandørs

Jarand er oppteken av vatn og synst at bading er gøy! Me treng ikkje helda han heile tida lenger, for no sit han sjølv. Jarand plaskar, herjar, ramlar: kvepp litt men gløymer det fort og leikar vidare:-) Solhatten han har på seg hadde bestefar Inge når han var liten:-)

Sommar!!!

Me har vore mykje ute no når det har vore fint ver. Jarand ser ut til å tåla varmen sånn nokon lunde. Han har fått vatn på tåteflaske og så lot me han smaka bittelitt is.... Han likte det godt, men me får vel prøva å la vera å gje han meir på ei stund;-)

Kjell Inge og Magnar slår seg laus på plenen i Ålvik. Jarand synst det var veldig gøy å sjå på! Han gløymde heilt at han hadde vondt i nasa si etter å ha trynt på altaten...
Jarand slappar av i hengekøyen.
Me fekk besøk av ein heil gjeng ferierande som hadde slått seg ned i Ålvik. Frå venstre: Inge, Trond, Pia, Gullbjørg, Ann Kristin, Mai Lisbeth, eg og Jarand, Solfrid og Magnar.

søndag, juli 02, 2006

28.Juni - Norheimsdalen

Onsdag vart eg forlatt av Jarand og Astrid, dei prioriterte Tupperware kjøpefest framfor fest og morro med meg. So for å trøsta meg sjølv litt tok eg turen til fjells. Kom iallefall nett øve skoggrenso.

Nytta anledningen til å testa ut Nokia N70 sine kamerafunksjonar (fekk beskjed av tupperware tuppo at eg ikkje trengte hennar kamera - eg hadde jo kamera på mobilen). Men fø å sei da sånn...2mpix ekje da sama so 2mpix. Mens min fyrste digitale slitar produserte bilder so tek seg fint ut i 40X55cm store bilde på kontorveggen min med sine (i dag) stakkarslege 2.1 millionar pixlar, trur eg knapt Nokiaen sine egnar seg for frimerkeproduksjon. Til tross for 2 millionar pixlar.

Iallefall vart sykkelen skubba opp skogsvegen øve liabrekka te vegen ikkje gjekk lengre. Iallefall ikkje den eg rota meg inn på. Litt kreativitet og godvilje te ka so e sti førte meg snart opp til øvre demma. Vidare øve flate myrane til Longeglii der ein skogsveg frå Rosseland vart oppservert. Sikkert egna fø køyretøy med tre 16" hjul... Dagens andre stigning møtte meg vidare på veg opp til Norheimsdalen. Ein time og førti minutt. Faen. Berre 40min til Ekstremsportveko på tv. Returen gjekk kjapt same veg stappa i meg ein halv pakke kjeks mens eg fekk låst opp sykkelen og eg rakk nett ikkje å dusja før tven vart stilt inn. To timar og tjue minutt. 16 km. 600høgdemeter opp og ned. Ikkje for å skryta.













Bileta over er då teke med Nokia N70. t.v. Norheimsund og Folgefonna, t.h. Torefjell frå ca. Norheimsdalen. Kvaliteten ligge mellom ubrukleg og ok for krisesituasjonar.

Når eg e på tur e eg eit glimrande ransbytte. Vanlegvis har eg digzar med ein samla innkjøpspris på mellom 11 og 12 tusen med meg. Denne dagen stakk altso damo av med kamera so eg vart gåande dar med utstyr for lusne åtte tusen(gps - klokke med barometer,høgde,temp,kompass- mobil). Alt e heilt heilt nødvendig. Spessielt GPS'en. Da e vel litt sånn guns for show, knifes for a pro (pikkstol=gps, kniv=kart) i friluftslivet - men ka e gale med litt show innimellom ? GPS'en vert brukt flittig (sjølvsagt saman med kart på skaplege turar) og fungerar stort sett utmerka.

Mapsource har fått (for ei stund sidan) ein funksjon for å visa ruter og spor i Google Earth. Ikkje sånt so eg bite på med ein gong - og nytteverdien e kanskje ikkje verdens største, men eg lot meg begeistra.

Her ser de altså heile ruta mi sett litt skrått ned frå sør. Heilt frå starten i liabrekka14 te usvingen i Norheimsdalen. Punktet merka 012 er der eg la frå meg sykkelen (kjekt å veta).
Får dei inn lika gode satelittbilder som dei har for Varaldsøy kan detta verta knallbra.

Samme ruta sett frå, tja...ca rett øve Tokagjelet...