søndag, juli 16, 2006

Bjølveseter

I ytre Ålvik har dei ein støl so heite Bjølveseter, dar ein kan skriva seg i ei bok og få fira poeng. Slikt gjer da lettare å få Astrid te fjells.

Jarand fekk sin fyrste tur te bjølveseter (utanfor magen) og sitt fyrste spede forsøk på beremeis-sitjing. Da vart litt seint på kvelden so Jarand vart trøytt når me skulle nedatt. Noko so resulterte i at far hans måtte ta han i bereselen på magen i staden og småjogga nedover mens han sang "hompetitten hompetatten". Jarand lo heile da kvarteret da tok for oss å komma nedatt te vogna. Dar sovna han på 25 sekunda.


Ingen bilde sa eg, HEY! ta vekk da kameraet!!

Her e gjengen samla. Gullbjørg, Ann Kristin og Mai Lisbet va på besøk i Ålvik og vart med. Alle var sjølvsagt kjempenøgde.

Ingen kommentarer: