onsdag, juli 26, 2006

Dovre

19-22 juli va da tid fø da årlege familieturen på ein tre-fira dagar i eit eller anna fjellområde.
Tidlegare har det vorte rundturar i Jotunheimen, Stølsheimen, Hardangervidda og Rondane. I år stod Dovre og Snøhetta for tur.

Onsdagen vart ein lang dag i bilen. Men mykje fin utsikt for da. Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø e jo verdt turen åleina nesten. Horungane e flotte å sjå te. Itte sju timar inkl. lunsjstopp tok me av frå Hjerkin og opp mot Snøheim. Itte nokre kilometer fekk me sjå vår fyrste moskus.


Utsikten frå Sognefjellsvegen mot delar av Hurrungane. Skagastølsryggen til venstre og Dyrhaugsryggen til høgre.

Moskus. Anbefalt avstand er 2-300 meter. Her e me for ner altso. Heldigvis hold dei seg i ro.

Me va ein liten tur oppom Snøheim fyrste dagen og. Snøhetta vakje noko motbydeleg syn.


Advarslar om moskus og advarslar om blindgjengarar. Da e farle å gå på tur.

I ruinane etter gamle Reinheim va da tid for ein pause. Då va da berre resten av steinrøysa att.

Magnar poserar med kveldens drikkevarer i nevane. Stortoppen i Snøhettamasivet e bestege. Godt fornøyde med da.

Resten av Snøhetta-toppane. Lengst til venstre - Vesttoppen som vart besøkt to dagar seinare. Til høgre for den - Hettpiggen som krev klatring og som me heldt oss klokeleg vekke frå denna gongen. Den lange toppen med to små høgder på er midttoppen på Snøhetta. Den stakk me ein tur bortom.

Itte ein stor porsjon Joikakaker på den sjølvbetjente Åmotdalshytta va da tid for desser - pannekake. Og ØL. Besta ølet me har smakt, til tross for lunkne tjue grader. Men so hadde da tross alt vore over 2000 meter, og kosta lika mykje i svette so da tilførte beraren i veska.

Stemningsbilde frå Åmotdalshytta. Karen har vore å henta vatn. Ana ikkje ken han e.

Dag to gjekk me frå Åmotdalshytta til Snøheim gjennom Svanådalen. Her ser me tilbake der me kom frå. Den flotte toppen litt til høgre i bildet er Langvasstinden.

Dag 3 vakna me til detta veret. Da kunne jo berre gå ein veg, og da gjorde da, men ikkje før me sat trygt i bilen på veg heim att, itte å ha fått oss ein tur til Vesttoppen (til venstre i bildet)


Pause e godt når sole steike.

Her e dei to turistane og den eine av dei to berarane deira. Besteforeldra i fylgjet tok fri frå ryggsekkane denne dagen og såg vel ikkje nett fjellvande ut dar dei gjekk med skjorto i neven so einaste bagasje.


GPS'en var med, og her e resultatet itte litt leik med Google Earth. Nokre av vatna ser litt snåle ut, og det kjem av at Google interpolerar høgdekurvene frå eit heller dårleg kartgrunnlag, derfor kan vatn ligga "oppøve" bratte fjellvegga.

Takk for turen. Nytt år og nye moglegheiter neste år.

Første sjøbad

Me tok ein tur i Straumvikjo, badeplassen på Holmefjord. Jarand likte godt å bada, men det vart litt kaldt når vatnet kom heilt opp til navlen;-) Jarand symjer! Eg held han berre litt...
Her prøver me redningsvesten. Jarand likar brystsymjing best...

Snekring

Eg kjøpte to CD-hyller i bursdagspresang til meg sjølv. Karane tok ansvar for å setja dei saman. Sidan Jarand tydelegvis likte å snekra, så lurte me på om han var moden for bankebrettet han har fått av Thea Malin, Silje og Lars Ottar. Jarand forstod det slik at den klubba var til å tygga på... Me prøver igjen seinare;-)

Onkel Magnar si hand er god å ha når barne-TV er litt skummelt...

søndag, juli 23, 2006

Mammo har bursdag

Jarand gratulera (gamle)
MAMMO
28 år...

... ikkje lenge til 30 no...


Dar kjem mammo, gamle mammo,
Ta på deg triskona og spring.
Dar kjem mammo, gamle mammo,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

torsdag, juli 20, 2006

Jarand og Thea Malin

Jarand stakk innom Thea Malin når ho var hos mormor Bjørg på Holmefjord.
To skjønne små luringar!!!!!!!!!!!

tirsdag, juli 18, 2006

Torefjell

Etter ein prøvetur i beremeis til Bjølveseter fann me ut at no va da på tide med litt skikkelege turar. Torefjell va målet, då me la ut frå parkeringsplassen på Sjusete i halveitt tida.

Veret va strålande og formen kjentes fin for alle tre. Da såg ut til å bli ein fin, varm dag te fjells. Noko da og vart. Me nådde ikkje heilt toppen - da vart stopp på ca. 960moh, altso knappe hundre høgdemeter under toppunktet. Men me va nøgde, og Jarands alder tatt i betraktning trur eg me godkjenne da som hans fyrste tur te Torefjell.


Far og son på veg te Torefjell. Beremeisen e te å veksa i, og da e bra. Beremeisen va dåpspresang frå onkel Oddmund og onkel Halgeir, og e av flottaste modell.

Da vart mange kvilepausar på turen. Her e første pause itte at beremeisen vart teken i bruk (fyrste delen av turen vart gjennomført med vogn). Jarand kosa seg godt i graset.

Ein glad gut

Matpause på 900 meter over havet. Litt leik vart da tid te dar.

Jarand fekk matpause litt seinare på omlag 960moh. Dar fann han og ut at han ville sova litt so han sov ein god halvtime i beremeisen liggande på bakken. Då han vakna, litt for tidleg, va han litt gretten og me tok ikkje sjansen på å gå heilt opp på toppen. Men humøret kom seg raskt, og godt va da.

Ein glad gut II
GPS og Google Earth og me veit kor me har vore.

søndag, juli 16, 2006

Stegastein

Førre helga va me på hytta på Bakka - laurdagen tok me oss ein tur te Aurlandsmarknaden dar me blandt anna plukka med oss ein lokal spesialitet - Geitost. Da e snop da. Men me rakk og å ta ein tur oppom den nye turistmagneten deira på Stegastein. Eit sværa stupebrett kun meint fø dei tøffaste av oss.

Jarand nyte utsikten på tuppen. Dan e upåklageleg. Og dar nede ser me Aurlandsvangen.


Jarand ville gjerne sjekka ut konstruksjonen nærare, og få praktisert dei nyleg oppdaga speed-krabbing teknikkane sine. Og da fekk han.

Her ser me heile dan flotte konstruksjonen alt i limtre(og ei lita metallplata). Nokon so kan skjønna kvifor turistane helle vil dit, enn på dei tronge rasteplassane dei laga i Hardanger ? Eg gjer iallefall.

Bjølveseter

I ytre Ålvik har dei ein støl so heite Bjølveseter, dar ein kan skriva seg i ei bok og få fira poeng. Slikt gjer da lettare å få Astrid te fjells.

Jarand fekk sin fyrste tur te bjølveseter (utanfor magen) og sitt fyrste spede forsøk på beremeis-sitjing. Da vart litt seint på kvelden so Jarand vart trøytt når me skulle nedatt. Noko so resulterte i at far hans måtte ta han i bereselen på magen i staden og småjogga nedover mens han sang "hompetitten hompetatten". Jarand lo heile da kvarteret da tok for oss å komma nedatt te vogna. Dar sovna han på 25 sekunda.


Ingen bilde sa eg, HEY! ta vekk da kameraet!!

Her e gjengen samla. Gullbjørg, Ann Kristin og Mai Lisbet va på besøk i Ålvik og vart med. Alle var sjølvsagt kjempenøgde.

Botnanuten

Dagen itte me nesten va på Såta, vart toppturlysta litt for stor fø underteikna. Botnanuten vart utpeikt som kveldsturmål, øve tusen moh so han e. Litt øve seks la eg ut frå Tokagjelet mot Byrkjesete før da bar opp i skogen mot Nipen og vidare te Bårfjellet og Botnanuten dar eg va på høgsa punktet i sjutie. Mykje fint og litt stygt å sjå.

Ikkje heilt Lucky Luke endå, men berre vent, snart e eg raskare enn min eigen skugge. Norheimsund lang dar nede.
Kvamskogen med Longvotni sntralt i bildet og Tveitakvitingen oppe te høgre. Ka dei ska grava ned kraftlinjo itte kan ein jo lura på, da jo ikkje nett dan eksisterande høgspenten so skjemme ut skogen. Ein start hadde vå å fjerna karavanparkane. Ittepå kunne dei reve hyttene. Og sett inn dunga med beiande geite og fått vekk dei jækla buskvekstane.

Eit stykke uberørt natur. Trur eg. Sunnvordalen. Flott elle ?

Under Såta


Turbildeansvarleg i liabrekka har teke seg ein pause, men vender no grusomt tilbake.

Her er heile gjengen på tur til Mødalen for eit par veke sidan. Mødalen e og kalla Negerlandsbyen. Antageleg fordi bergensarane går dit om vinteren og blir brune. Dit går da veg, so vogna vart benytta. Men me vakje fornøyd, so me fann fram selen og batt minstemann på magen og la i veg mot Såta. Lysta på ein tur opp var tilstades men me stoppa under siste bratte 150-200 høgdemetrane sidan tunge regnskyer kom sigande. Og jammen tok dei oss att under Negerlandsbyen. Men dei va te å leva med.

Øverst har de ein svært engasjert kartlesar oppe i Mødalen. Muleg han ikkje va nøgd med vegvalet. Han snakka fort og og veiva med nevane og eg skjøna ikkje ein drit.



To generasjonar Tyssen på tur her altso. Nett so fornøyd ein Tyssen ska ve når han e på tur.

torsdag, juli 13, 2006

Ut og gå:-)

..eller gå og gå fru Blom... Jarand flyttar beina bortover om han har noko å halda seg i og det er noko han vil ha tak i. Når han ikkje held seg fast, ramlar han med ein gong;-)