søndag, mars 18, 2007

Må ha mat

Jarand har fått seg ein dusj, sjølvsagt alt for tidleg på ein sundag. Iallefall - ein blir svolten av slikt. No legg me normalt ikkje ut matbilder av hensyn til lesarens apetitt, men og av reint estetiske grunnar. Her kjem likevel to bilder med Jarand og ei banan so skrike overfall, i hovudrolla.


...tra la la Vår


Ja så har det blitt vår

Så har det blitt vår i år
Og våren den er en klisjé
Den er en klisjé men hva gjør vel det


Snøklokkene står i hagen og blomstrar, utan at noko egentlig har brydd seg om dei. No har eg gitt dei den oppmerksomheita dei fortener. Litt fine e dei jo.




Snøklokkene blomstrar og får ein ny vår. Andre skal DØ! Detta treet har snart sitt sin siste vår. Eg tek da ned pis bai pis. Med håndsag. Da tek tid, men eg får ut mykje oppbygd aggresjon mot utsiktsødeleggande tre eg har møtt tidlegare.

fredag, mars 09, 2007

Togbane og andre leikar

Jarand begynnar å forstå stadig meir av kva han kan gjera med leikane han har arva etter mor si. Duplo er veldig kjekt! Han bygg ambisiøse byggverk. Han bygger stort sett oppover.

Han er og veldig glad i puslespela han fekk til jul. Tusen takk til May-Britt og gjengen og Vegard og Sigurd!!! Jarand plukkar opp bitar som mor hans må leggja på brettet... han er begynt å prøva å pusla sjølv òg. Mor hans er veldig glad når han får det til:-) Det er kjekt å sjå når Jarand har tolmod til å prøva å få ting til:-) Puslespela skal liggja i vindaugskarmen når han puslar. Når han er lei, kostar han alt ned på golvet;-)

Her utforskar Jarand togbanen. Eg fekk ein tunnell i hovudet sidan eg berre låg og slappa av og ikkje følgde med. Eg måtte då forstå at eg skulle setja tunnellen på plass at, sidan Jarand ikkje fekk det til;-)



Alternativ måte å køyra toget gjennom tunnellen på..





15-mnd. kontroll

I forrige veke var Jarand på 15. mnd. kontroll. Han veg no 10,8 kg og er 76 cm høg. Han følgjer som før kurvane sine fint. Han er kortare enn gjennomsnittet, men tar det igjen med å liggja litt over gjennomsnittet på vekta;-)

Jarand fekk vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar. Han var tøff og grein ikkje, han blei berre litt irritert. Det straffar seg å vera tøff... for første gong fekk Jarand ein skikkeleg reaksjon på vaksinen han har fått. Jarand fekk feber ei veke etter vaksinen var sett. I helgja hangla han òg, då hadde han nok ei slags hurtiginfluensa. Før helga spydde han. Guten vår som har vore så frisk og rask, har med andre ord slete litt med forma i det siste. Han har vore trist og lei og veldig glad i smokken sin. Ja, ja, men får trøsta oss med at dei skal ha godt av å vera litt sjuke...

mandag, mars 05, 2007

Askøy via Egon og Fløyen

Me var so heldig å bli invitert til Askøy i helga. Me møttest på Egon i Bergen for å eta lunsj. Etter store mengde bakt potet og pizza gjekk turen til Fløybanen. Litt småkjølig oppe på "fjellet" men da va no artigt å ta turen. Hakje vå dar på alder so lenge. Itte litt tid i leikeaparata på toppen tok me bana nedatt, og reiste til ut på Askøy. Dar vart me teken godt vare på, på alle måtar....

...men itte ein goood heimelaga raspeballemiddag var det slutt på morroa, og me laut setja oss i bilen for å køyra heim.

Jonas, Marius og Torbjørn ombord på Fløybanen


Bergen frå Fløyen. Tar seg best ut på avstand :-)


Jarand på leikeplassen på Fløyen. Godt humør.


Jarand og Julia fekk ei skål med småfolkgodt(drue). Dei delte itte prinsippet kem klare å stappa mest i kjeften.


Om det er barnehagen sitt fokus på å vera snille med kvarandre som har gjort Jarand til ein mjuk mann, eller om han har da itte far sin veit eg ikkje, men Julia fekk iallefall ein av dei beste klemmane denna veko.

Takk fø opphaldet!

Bollabaking

Me e glad i bollar, både eg og Jarand. Men me e kanskje endå meir glad i å laga bollane.


På tur med bestefar

Bestefar hadde vinterferie. Tre generasjonar Tyssen var derfor på tur på Kvamskogen førre mandag. Turen gjekk frå Ungdomsheimen (fast plass) til Mødalen og vidare til Jonshøgdi, før me snudde ned att mot Ungdomsheimen. Fin tur, tykte adle tre. Litt meir tekst og bilde her.

onsdag, februar 28, 2007

Vedahogst

Laurdag vart da vedahogst i Altaseterdalen i Fusa. Agenten prøvde å banka litt praktisk sans inn i skolten på dan kommande svigersonen. Lykke te me da :-)

Praktisk sans elle ikkje. Fø ei kontorrotta e da alltid kjekt å komma seg ut å gjera noko skikkeleg arbeid. Og jobba med skikkelege maskiner.


Bjørka var sjanselaus då Agenten kom med motrosaga si.


Bring out your deads. Vert nok mykje gooood varme av desse om eit års tid.

søndag, februar 25, 2007

Tur til Holmefjord og bursdagsfeiring

Kjell Inge fekk middag, kake og bursdagsgåver etter ein arbeidsdag i skogen saman med. sivgerfar sin:-)
Rosiner er godt og Jarand finn rosinboksen om du prøver å gøyma den for han!
Jarand har lyst å ta på Pernille. Ho har mjuk og god pels. Pernille synst ikkje at Jarand er så skummel. Ho går med halen rett opp og passar berre på at ho går nett litt fortare enn han.

Det er litt vanskeleg å måka snø, sjølv om snøskuffa er lita og fin. Det er så vanskeleg å gå i snøen og å bevega seg med alle dei tjukke kleda på;-)


Moppen derimot, den har han dreisen på!
Jarand var veldig nysgjerrig på kva Besto laga til middag.



onsdag, februar 21, 2007

Ei helg på ski

For snart fjorten dagar sidan hadde me nokre flotte turar på Kvamskogen.

Det var laurdag, og det var strålande ver. Tur måtte da bli. Og tu vart da. Itte litt fram og tebake vart dagens mål Tveitakvitingen, og eg angra ikkje på det.
Meir - Bilder


Søndagen kom med nydeleg ver - berre litt trekk var å notera på den negative sida. Me tok med oss pulken og Jarand og fekk oss ei mil på Kvamskogen.

Meir - Bilder

on

søndag, februar 11, 2007

www.fjell-kjell.com

Etter ein del timar, blod, svette og tårer har eg no gleda av å lansera www.fjell-kjell.com. Utviklingsarbeidet har i lengre tid hadd kodenavnet fjell-kjell, so, som so ofta elles i it-verdenen vert midlertidige namn også det endelege.

Nettsidene skal fungere som turdagbok, og samling av gpsloggar, favorittbilete, omtalar, kart mm. Og dessutan som leikeplass på mørke regntunge kveldar.

Vert nok lagt ut ein og annan tur frå gamle dagar også etterkvart, i tillegg til nye.

Adressa er altså www.fjell-kjell.com

Der finn de bilete frå turar me har vore på i det siste...

27.01 - Steinskvandalen

21.01 - Torefjell

21.01 - Søndagstur på Sjusete

18.01 - Fyrste tur i pulken!!

fredag, februar 02, 2007

Peugeot for stor og liten

Først var Jarand litt redd for bilen og ville helst sitja på mamma sitt fang, så fann han ut at bilen ikkje var skummel. Då blei det farleg å vera bil... og Kjell Inge fekk store utfordingar i rallyløpe;-)

Jarandbilete

Kjell Inge er eit godt førebilete for Jarand. Jarand synst det er skikkeleg kult å gå rundt med løvangen!
Godguten vår:-)
Jarand fekk piano med figurar som bevegde seg til jul av Besto og Besten på Holmefjord. Desverre, så tålte ikkje figurane at Jarand mista pianoet i golvet eit par gongar for dagen... Besto fekk pengane tilbake og eg kjøpte eit nytt slags instrumet på salg:-) Me får håpa at dette instrumentet tåler meir. Vegard og Sigurd har i alle fall ikkje klart å øydeleggja sitt sånt instrument:-)Musikaren konsentrerer seg....
Liten kar som er klar for store utfordringar ute. Det skulle berre vore litt lettare å bevega seg med alle utekleda på... Det går seg vell til etterkvart;-)
Jarand blei litt for ivrig i gryteskåpet, så me måtte setja barnesikring på det... Han har akseptert at gryteskpoet ikkje går opp lenger, men er raskt ute om han har sjansen til å sikra seg ei gryte frå oppvaskemaskina. Ingen leikar overgår gryter med lok. Gryter er best!