onsdag, august 22, 2007

Feriebilder - Brønnøy - Aldersundet

Kor pokker er Aldersundet ? Tja. Da va no der me vart leie av å køyra bil og bestemte oss for å ta kvelden. Ein Campingplass hadde dei, med do og dusj. Ikkje gale berre da.

Dagen starta med ein tur oppå Torghatten. E jo ikkje fornøyd med å berre å gå igjennom.
"Gjekk" forbi nokre tyskarar på veg opp, og ned. På veg nedatt sa dei "schell,schell". Dei skulle berre visst at eg hadde ferie og tok da med ro. Desverre for meg, men mest for tyskarane begynte da å regna. Men fint med ein fjelltur for det.

Itte ein svært kald dusj, sette me oss i bilen og køyrde nordover på rv.17. forbi stader som Tjøtta og Sandnessjøen. Heilt til me kom til Aldersundet. Der teltet for alvor vart vått.


På toppen av Torghatten ser da slik ut. Brønnøysund har flyplass, så derfor treng dei varsellampe. Torghatten har jo tidlegare hatt eit kjedeleg møte med eit fly, då eit Widerøe Dash7 krasja rett i hatten, og nokon og tredve omkom.

I disen kan dei sju søstre skimtast. Dei er også ein del av sagnet om hatten.

Brønnøysund frå toppen av Torghatten...


Torghatten camping frå Torghatten.


Campingplassen i Aldersundet. Da va faktisk veldig fint i Aldersundet. Masse fint so ein skulle vore oppe på. Men veret og tida strakk ikkje til denne gongen. Neste gong, derimot.

Feriebilder - Trondheim - Steinkjær - Brønnøy

Itte at me hadde gjort oss ferdig med Trondheim sette me oss i bilen og køyrde. Hadde ikkje anna mål enn å komma oss litt ut av byen, for å gjera etappen neste dag kortare.

I Steinkjer fann me ein Naf-camping som me la oss te på. Fint dar. Neste morgon hadde ryggen til Astrid bestemt at me måtte kjøpa oss luftmadrass. Flaks fø oss at dei hadde ei billeg og grei ei på eit kjøpesenter som me fann i Steinkjer. Sportsbutikken me handla på e antagelig noko av da besta eg har sett. Da e bra utvalg på MoSport og, men ikkje i forhold til denne butikken. Spessielt klesavdelinga til Mo&co (som egentlig kunne vore ein avdeling av Cubus med sitt fargerike utvalg i afterskikle) burde vera flau.

Turen til Brønnøysund var lang, men det gjekk unna gjennom DDE-land og vidare nordover..Ikkje eit einaste bilde frå turen før me kom til Torghatten Camping ved foten av Torghatten, halvanna mil sør for Brønnøysund. Torghatten Camping kan me anbefalla. Varmt. Billig, og veldig fint tilrettelagt. Einaste var at det var lite varmtvatn igjen om morgonen.

Itte å ha fått opp teltet og laga oss mat, tok me turen igjennom Torghatten. Som kjent er det hol tvers igjennom fjellet.

På Torghatten Camping hadde dei kaniner, noko Jarand sette pris på. Han hadde nok sagt puspuspuspuspus...no, om han va so velutvikla då, hugsar eg ikkje.

Like før me går inn i holet i Torghatten - utsikt om Brønnøysund.

Brønnøysund sett frå Torghatten

Holet sitt frå eine enden(den vanlegaste)

Underteikna og Jarand i andre enden av holet. So vidt eg hugsar var det ikkje tilrettelagt med trapper og greier sist eg var her, noko det altso var no, slik at sjølv bestemor på 90 skal kunna gå der. Rullestolheis neste.

Holet vart etter sagnet laga av ei pil som vart skoten igjennom hatten til eit troll so var ute itte Vegamøya. Ellers so e da mogleg det vart laga av sjøen faktisk, for landet her har heva seg kraftig...


Fantastisk utsikt frå Baksida av Torghatten.

Mykje lange sandstrender i Nordnorge, slik var det også her. Astrid e og med.

Itte ein so lang dag e da godt å få sova.

onsdag, august 08, 2007

Feriebilder - Trondheim - Båttur

Det var eit fint båttilbod i Trondheim. Ein rundttur i byen, på Nidelva og ut til Munkholmen, der ein kunne gå av og ta ein seinare båt innatt til byen. Me pakka saman vogn og fekk med oss litt nista og fekk oss ein fin tur på fjorden/elva med ein flinke guaid ombord.


Astrid ventar på at turen skal begynna og drikk jordbærmjølk.


Jarand ventar på at turen skal begynna og drikk jordbærmjølk. Han vart heilt hekta.


Bybrua i Trondheim


Fina veret...


Om det er holmen sjølv, eller det alkoholfrieølet som er mest kjend er det vel ikkje tvil om. Munkholmen var no ein litt artig plass. Sikkert fint å bada på heilt stille dagar. Men dei er det sikkert ikkje mange av.


Boooom

Trondheim frå Munkholmen

Feriebilder - Trondheim - Nidarosdomen

Når ein er i Trondheim for fyrste gong må ein jo nesten ta ein tur i Nidarosdomen. Eg såg da for 13 år sidan eller noko slikt, mens Astrid og Jarand vart debutantar. Astrid hadde før denne turen ikkje vore nord for Ørsta. Skandaløst.

Astrid sit og ser på....
Nidarosdomen. Tykkjer det er litt sjukt at nokon har gidda å laga eit slikt bygg.


Me måtte opp i tårnet og. Heldigvis hinta ein av guaidane om at det kanskje var litt trongt for beremeisen oppøve. Eg hugsa det var smalt, men ikkje so smalt. Fin utsikt på toppen. Jarand begynte å bli trøtt so han har vel gjort kjekkare ting :-)


Måtte ut og lufta 200mm linsa mi litt. Figurar frå veggen på Nidarosdomen

Kunstverket i mønet..

Me hadde ein runde i Erkebispegården og, Jarand sov mens me kunne gå rundt å vera kulturelle. Var no eit og anna interessant å sjå. Spessielt kongerelekviane skulle ein fått ein nærare kikk på. Alle skoa i diverse fargar av glas derimot tykte me begge var noko av det teitast me hadde sitt.

Feriebilder - Vågå - Trondheim

Dag to køyrde me frå Vågå til Trondheim. Mykje køyring, men guten i baksetet var stort sett fornøgd. Om han ikkje var det før, vart han iallefall det når me entra pizzabufeten til Egon i Tyholttårnet.


Jarand sjekkar utstikten i Tyholt. Høgdeskrekk har han iallefall ikkje.


Jarand stappar i seg...


I can see my car from here....


Som sagt, høgdeskrekk er ikkje noko Jarand har utvikla endå.


Flakk camping eit par mil vest for Trondheim vart valgt for natta. Fin campingplass med sandstrand og greier.

Feriebilder - Norheimsund - Vågå

Starta turen godt med at vegen vart stengt av ras ved Øvre Granvin. Itte litt tid fekk fann me på å prøva å køyra sykkelvegen på "feil" side av Granvinvatnet. Tilfeldigvis hadde det vore ei bilulykke ved Kvandal etter at me passerte der, slik at me kunne ligga bak ambulansen og slik lett passera kolonna av bubilar som kom i mot.

På Sognefjellet lyt ein stoppa. Flotte rasteplassar med grus so Jarand kunne leika i, og sikt-installasjonar so far hans slepp å lura på kva fjelltoppar han ser på. Luo te mammo e nok litt stor endå...




Far og son prøver å setja opp teltet i Vågå. Turens dyraste campingplass. 180kr for ei natt.

Eit bevis på at me fekk da te. Teltet e oppe. Jarand skulle liggja godt i si reiseseng som me faktisk fekk inni fjellteltet mitt.

På tur på Kvamskogen



fredag, juli 06, 2007

Bygdalarm



Eg må berre få da ut: Da e jækli -jækli- dårlig gjort å ha festival i Øystese sama helge so eg ska gifta meg. Da bør ikkje gjenta seg.

lørdag, juni 30, 2007

torsdag, juni 28, 2007

søndag, juni 17, 2007

Skotring

Da skulle ve brydlaup i (vilha) babygruppa te Astrid, og då høyre visst skottring med...te og me eg so elska å kle meg ut, fekk på meg ei maska og ei gammal hopp-buksa...

Finduskostymet til Astrid begynnar vel å bli velbrukt, men da e fyrste gong eg har fått sjå da på ho. So no lyt ho ha detta på seg kvar kveld. Ehh..


Denna mannen har me ikkje sett på maange år. Kva er vel meir logisk enn att han dukka opp i Øystese ?


Fela gjeng...


Godt at nokon ikkje e so sjølvhøgtidlege so visse andre. Legg merke til diamanten i navlen. At han kledde da e kanskje å ta i...not my kind of bellydancer jaffal :-)

fredag, juni 08, 2007

Ny mobiltelefon

Mobiltelefonen eg kjøpte i 2002 begynte å fuska... i tillegg så gjekk ladaren sund for ei stund sidan. Eg lånte ein gammal ladar av svigers, men så klarte eg å øydeleggja den ladaren og.... Det var minuspoeng til meg...

Eg har då kjøpt meg ny mobiltelefon. Jippi! Sony Ericsson k610i, knall raud:-) Den ligg langt over kva eg forstår av telefon, spranget frå 2002 blei litt for stort... men eg har skjønt blogge-funksjonen. (Sjå dei to forrige innlegga). No kan eg "berika" bloggen vår frå korhen eg er, berre eg har med mobiltelefonen:-) Det er kjempeenkelt. Det er berre å ta bilete og så senda det til bloggen.

:-D