onsdag, august 22, 2007

Feriebilder - Trondheim - Steinkjær - Brønnøy

Itte at me hadde gjort oss ferdig med Trondheim sette me oss i bilen og køyrde. Hadde ikkje anna mål enn å komma oss litt ut av byen, for å gjera etappen neste dag kortare.

I Steinkjer fann me ein Naf-camping som me la oss te på. Fint dar. Neste morgon hadde ryggen til Astrid bestemt at me måtte kjøpa oss luftmadrass. Flaks fø oss at dei hadde ei billeg og grei ei på eit kjøpesenter som me fann i Steinkjer. Sportsbutikken me handla på e antagelig noko av da besta eg har sett. Da e bra utvalg på MoSport og, men ikkje i forhold til denne butikken. Spessielt klesavdelinga til Mo&co (som egentlig kunne vore ein avdeling av Cubus med sitt fargerike utvalg i afterskikle) burde vera flau.

Turen til Brønnøysund var lang, men det gjekk unna gjennom DDE-land og vidare nordover..Ikkje eit einaste bilde frå turen før me kom til Torghatten Camping ved foten av Torghatten, halvanna mil sør for Brønnøysund. Torghatten Camping kan me anbefalla. Varmt. Billig, og veldig fint tilrettelagt. Einaste var at det var lite varmtvatn igjen om morgonen.

Itte å ha fått opp teltet og laga oss mat, tok me turen igjennom Torghatten. Som kjent er det hol tvers igjennom fjellet.

På Torghatten Camping hadde dei kaniner, noko Jarand sette pris på. Han hadde nok sagt puspuspuspuspus...no, om han va so velutvikla då, hugsar eg ikkje.

Like før me går inn i holet i Torghatten - utsikt om Brønnøysund.

Brønnøysund sett frå Torghatten

Holet sitt frå eine enden(den vanlegaste)

Underteikna og Jarand i andre enden av holet. So vidt eg hugsar var det ikkje tilrettelagt med trapper og greier sist eg var her, noko det altso var no, slik at sjølv bestemor på 90 skal kunna gå der. Rullestolheis neste.

Holet vart etter sagnet laga av ei pil som vart skoten igjennom hatten til eit troll so var ute itte Vegamøya. Ellers so e da mogleg det vart laga av sjøen faktisk, for landet her har heva seg kraftig...


Fantastisk utsikt frå Baksida av Torghatten.

Mykje lange sandstrender i Nordnorge, slik var det også her. Astrid e og med.

Itte ein so lang dag e da godt å få sova.

Ingen kommentarer: