torsdag, desember 16, 2010

16. desember - hestar

Det er ikkje alltid Jarand er med på å gå på tur, men det hender at han får lyst til å gå og sjå på hestane. I haust har til og med Utegruppa i barnehagen vore på besøk hos hestane, sidan ei som bur på garden jobbar på utegruppa. Jarand fekk sitja oppå ein hest og det heile. Me er imponerte over at han turde, for han har no helst likt best å berre sjå på hestar.

Mari vakna og såg rett på ein hest når me tok vekk teppet frå vogna.
Gleda ved å treffast var visst gjensidig, hestane likte å glo på ungane og.
Det var no eigentleg kjekt dette her!
Turen til hestane tok si tid, for det var så mykje is som måtte knusast og hoppast på på vegen.
Nam, nam, gjerde!

onsdag, desember 15, 2010

15. Desember - nyter utsikten og kulturfondbøker



Ikkje mykje som er finare enn vinterlandskapet i fint vèr, sjølv når det er foreviga med eit skrøpeleg mobilkamera. Ein skulle vore ute på tur no! Nei, eg får lausriva meg frå den fine utsikta frå biblioteket i Samnanger og kasta meg over dei siste kulturfondbøkene for barn. Mykje å gle seg over i den kassen òg! Eg trur nok eg tar med heim nokre bøker for testlesing med ekspertane mine.

tirsdag, desember 14, 2010

14. desember - litt av kvart

I dag er eg klargjort for julekaramellar... dvs. første del av ei rotfylling er unnagjort.

Ungane har vore på kontroll på helsestasjonen. Mari ligg på nederste linja på normalen på høgdekurva med 81,5 cm, medan Jarand ligg på nest nederste linja. Han har hatt heilt jamn vekstkurve sidan han var 1 år. No er han 107 com og 18,5 kg. På vekt per cm, så ligg dei godt an begge to:-)

Her er eit forsøk på å ta familiebilete på sommarferietur til Stavanger. Jarand ville ikkje dela den store fine steinen, så då var det berre å skubba inntrengjarane av!

mandag, desember 13, 2010

13. desember - luciadagen

Jarand har gått i Lucia-tog i barnehagen i dag. Eg og Mari var på luciafrokost i barnehagen. Koseleg! Etterpå var det shopping og husarbeid for oss damene. Det er berre Jarand som er i barnehagen på mandagar. Mari blei kjempeglad då ho fekk julegåve i dag. - Ein av leikane sine som ho hadde gløymd at ho pakka inn saman med eit bilete av Jarand:-)

Jarand gler seg veldig til jul. "Mamma, veit du koffor eg gler meg til jul"? Ska eg sei koffor? Da e fordi Magnar kjem heim". Jarand savnar onkel Magnar masse!!!

Ein tur til Mikkelparken saman med onkel Magnar. 

søndag, desember 12, 2010

lørdag, desember 11, 2010

11. desember - på Holmefjord i oktober

10. oktober var eg, Mari og Besten ute for å ta nokre bilete til nettsidene til Besten.
Mari heldt kontroll frå vogna.

Naustet har hatt betre dagar..
Flytebryggja er i ferd med å komma på plass.
Sjøbuo. Her har det blitt laga mykje tønner, men det er fleire år sidan siste tønna var ferdig. Eg fekk av vera med pappen nå han laga tønner. Då gjekk eg rundt med redningsvest på og samla skattar som flaut i land og lagde diverse leikemat av spon og sagamo. Det var òg så klart spanande å følgja med på det pappen gjorde, særleg når tønna skulle brennast.
 Utsikt frå hyttefeltet. Løp og kjøp, ledige hyttetomtar!



 Her er det rikeleg med vatn.

Sjefen sjølv (Pappen/Besten:-)
http://www.johannesholmefjord.com/

fredag, desember 10, 2010

10. desember - snøen regnar vekk...

Heldigvis så har me fått leika litt i snøen før regnveret begynte. Dei siste dagane har ungane komme heim frå barnehagen, ete middag og så har det vore på med varme klede og ut i snøen. Barne-tv og kveldsbad, har ikkje frista i det heile. KJEKT GLIIIIIIIIIII, som Mari seier. Underpåkledninga så er ho oppteken av å få ting rett. Tommetott inni, tommetott!!!

torsdag, desember 09, 2010

onsdag, desember 08, 2010

8. desember... bompengar...

... ein sorgens dag for ein pendlar som nett svingar innom bomstasjonen før vegen fortsett bratt og svingete oppover Tåkagjelet og vidare over Kvamskogen, der det til tider kryr av fotgjengarar som ikkje har noko fortau å gå på. Eg får ikkje nett så mykje ny veg for 40.- per dag... All æra til dei som har skrive avisinnlegg og prøvd å endra ting til det betre i Kvammapakken! Berre så synd at det ikkje hjalp i det heile.

Eg er eigentleg ikkje imot å betala meir for vegutbygging og vedlikehald, eg er berre så utruleg imot bompengeinnkrevjing som måten å få inn pengar. La meg heller betala meir i skatt, så går ikkje så mykje av pengane vekk til anna enn veg.

Hadde bompengeinnkrevjinga vore meir på same måte som på Karmøy/i Haugesund så hadde det ikkje føltes så urettferdig heller. Der er det mange bomstasjonar og berre 12 kroner per stasjon (og timesregel vil eg tru?). Dessutan ser dei som køyrer forbi bommen ressultatet av vegarbeidet som blir gjort. 

Eg kan berre irritera meg over ein ganske skuffande tunnell. Eg har høyrd i lange tider om tunnellen mellom Øystese og Norheimsund, men den er no søren meg berre mellom Øysese og Øystese! Eg har nok ikkje sett meg heilt inn i saka heller, for eg har ikkje heilt skjønt kvifor det er nødvendig med ein tunnell. Eg har høyrd noko om at bebuarane på strekningen er plaga med vegstøy, kanskje me får ein tunnell og då? Me høyrer trafikken her ganske godt. - Eller kanskje det var bommen som er tiltaket mot støyet her. Gjera vegen så dyr å køyra på at alle køyrer om Strandebarm i stadan for, for der er det ingen bom... Kvifor skulle det ikkje vera bom på kommunegrensa der?

Nei, no er det leggjetid og nok klaging for i dag. Me har jo nokre lyspunkt og. Elgen til Jarand er kommen til rette, den var i skuret og ikkje under snøen ute i barnehagen:-) Kjell Inge har fått snøen sin i hagen. Mari har fått "Masse nøøøøøøøøøøøøø" og eg har gjennomført vellykka Årets nye yngdomsbøker bokprat/bokutstilling for ungdomsskuleelevane i Samnanger og  kost meg på julebord med Bibliotekarforbundet avd. Hordaland.

God natt!

tirsdag, desember 07, 2010

7. desember

Astrid har eit kalenderbloggprosjekt på gong, men i dag skulle eg visst nok gjera jobben.

Advent betyr visst nok å komma, og mens mange sikkert ventar på at Jesus skal komma, ventar eg berre på at snøen skal komma, og drøymer meg tilbake til oktober....då han både kom og gjekk. Snøen altso.



Eg laga eit år akebakke mellom huset og garasjen. Etter det er det blitt eit krav kvar gong det er meir enn to centimeter snø på bakken.

Skal vel faktisk vera Mari sin fyrste skitur nokon sinne. Eg trur ho vert flink.

Jarand ville gå på ski i dag. Slikt gjer meg glad.


mandag, desember 06, 2010

6. desember - Gokka mine

For ei veke sidan så "mista" me alle smokkane til Mari. Smokkeboksen var heeeeeeeeeeilt tom... Mari såg ein smokk på hylla på badet, men den var diverre "øydelagt" fekk ho høyra. Ho sat med store forundra auge og kunne ikkje forstå at alle gokkane var vekke. Ho har kaaaanskje vakna litt tidlegare enn ho pleier på morgonen, ellers virkar det ikkje som om smokken er savna. Heldigvis!
Her er eit bilete av eks-smokkbrukaren i februar.

søndag, desember 05, 2010

5. desember går mot slutten

ungane sover søtt og det bør foreldra deira og gjera snart òg.

Julekalendrar er veldig nyttige, for ein får trent seg på å opna alle gåvene som skal opnast på julafta. Mari har skjønt at Jarand er god på å pakka opp, så ho spør han om hjelp når ho står fast.
I dag var det berre tau oppe på pakken, så då gjekk det fint:-) Litt alvorleg på morgonkvisten...
Ungane har ein heimelaga legokalender m/dokkeklede innimellom... (hemmeleg...) Gåvene har vore populære. Jarand følte han måtte spørja pappen om det verkeleg var eit juletre han fekk i dag. Jarand lurte òg på om me hadde teke klossane ifrå han. Det kunne eg avkrefta. Her set Jarand saman igjen "juletreet" sitt. Det er ikkje så lett for eit legojuletre å overleva å bli pakka opp...
Nokre fleire bilete i dagens rapport: Mari er ganske husleg av seg. Ho synst det er gøy å bretta klede og leggja på plass. Blir reine skattejakten for forelda etterpå, sidan Mari ser litt ulikt på kvar ting skal vera. Det blir spanande å sjå kor lenge denne huslege interessa varer.
Litt kakebaking fekk me og tid til:-)
Kjell Inge og Jarand byggjer ein vanskeleg dumper. Det er eit prosjekt som kjem til å ta fleire dagar. Mari sitt byggverk er litt meir overkommeleg.
Sara Bernard-kakene vart ikkje nett som på bilete til oppskrifta... så me sette på nokre dinosaurar og døyper kakene om til dinosaurjulekaker...

lørdag, desember 04, 2010

4. desember, ein søt dag

I dag har me fått gjort ein heil del, sjølv om første plan for dagen gjekk litt dårleg. Me skulle pynta med utejuletrelysa, men dei virka ikkje. Me har tre sett, men har visst klart å øydeleggja leidningane eller adaptera på alle tre.

Vegard Markhus var på Huus bokhandel i Øystese og las ("nei viste bilete på skjermen", retting frå Jarand)Timothy mister seg sjølv i dag. Ei artig bok, så det måtte me ha med oss:-)


Me suste frå Øystese til Eikelandsosen så me rakk leikebutikken der og Jarand fekk byta den eine av to lego-brannstasjonar som han fekk til bursdagen. Blei ein legodumper, legomann og ein elg i byte. Jarand gler seg til å byggja lego i morgon!

Me har ikkje teke eit einaste bilete i dag, så me har ikkje ein gong fått foreviga besøket vårt hos onkel Pudding og Wenche, eller sjokoladePudding som Wenche kalla han i dag;-) Dei hadde sjokolade, kjeks, brus og chips. Det sette ungane stor pris på! Mari er ikkje vant til at det er sjokolade i skåler som alle kan ta av. Ho er heilt vill etter sjokolade, så ho pleier berre få litt i ei skål til laurdagsgodt. Ho var no snill i dag då, ho tok ikkje meir når me sa at no var det siste biten til henne.

Til slutt var det middag på Holmefjord. Det var godt! Besto hadde til og med laurdagsgodt til Mari og Jarand, men det fekk dei berre litt av;-)

fredag, desember 03, 2010

3. desember

 Jarand blei 5. år 21. november! Hipp hurra!!! Bursdag er stor stas!!!

 3 kameratar frå barnehagen, 2 storebrødre og ei mamma kom på føremiddagsselskap:-)

Jarand fekk mykje kjekk lego, så den einaste onkelen som kunne komma i ettermiddagsselskapet var nødt til å hjelpa til å byggja brannstasjon og brannbilar.
 Mari og Solfrid har pynta seg.
Alle besteforeldra:-)