Det er ikkje alltid Jarand er med på å gå på tur, men det hender at han får lyst til å gå og sjå på hestane. I haust har til og med Utegruppa i barnehagen vore på besøk hos hestane, sidan ei som bur på garden jobbar på utegruppa. Jarand fekk sitja oppå ein hest og det heile. Me er imponerte over at han turde, for han har no helst likt best å berre sjå på hestar.
Mari vakna og såg rett på ein hest når me tok vekk teppet frå vogna.
Gleda ved å treffast var visst gjensidig, hestane likte å glo på ungane og.
Det var no eigentleg kjekt dette her!
Turen til hestane tok si tid, for det var så mykje is som måtte knusast og hoppast på på vegen.
Nam, nam, gjerde!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar