onsdag, juni 28, 2006

12. juni Kongevegen (Holmo-Styvi) tur retur

Itte dan finaste junihelga sidan pinsen 2004 (no e da mulig dan va i mai, men anyways) - vart me att på Bakka ein dag ekstra. På måndagen fortsette veret lika fantastisk.

Me hadde tanken på å gå Kongevegen hadde frista oss, og fristelsen vart ikkje mindre av Kongeveret. Som vanleg va me tidleg påan og alle mann va i båten allerede te klokka halv eitt.

Itte å ha krusa på stille sjø dan halve sjømile frå Bakka te Holmo va da ut på tur. Jarand på underteikna sin mage. Sekken for ein gongsskuld på Astrid sin rygg.

Tre og ein halv time brukte me på turen med ein god pause på Odnes på veg ut. Ein pittliten prat med storbonden på Styvi rakk me og.

Då me kom tebake te båten, kom me på at det er noko som heiter flo og fjøra...båten hang nemleg på halvåtta...(ikkje sei da te mammo)

Skippern på skuta, Jarand, får oss trygt over te Holmo.

Nyabrygga i bakgrunnen. Jarand har framleis full kontroll på fartøyet.

These guys are made for walking. Trivselsfaktoren var høg både for far og son.


På Odnes tok Jarand seg ein halvtime under ulltrøya te far sin. Meir idyllisk kan da vel knapt bli. Eg og Astrid koste oss med nybakte bolla.

Frå kaien på Styvi har ein fin utsikt innover verdens vakraste fjord. Midt i bildet e rimstigen der Stølsvegen frå Bakka kjem opp.

Astrid og Jarand likte seg på tur.

Odnesfossen e flott å sjå te. Vatnet kjem frå Nisedalen 600 høgdemeter høgare oppe.

4 kommentarer:

Anonym sa...

båten men skal ikkje henga har eg sagt!!!!!

Anonym sa...

det skulle stå :båten min

Kjell Inge sa...

sånn e da når du skriv kommentara i fydlo....

Astrid Holmefjord sa...

No må du passa deg Kjell Inge, tenk om me ikkje får lov til å låna båten?????????? Kven sin bensin skal Magnar bruka opp då??????