Dagen starta litt dårleg får ein vel seia. Itte ein god frukost på hotellet, pakka me sakene våre i bilen og køyrde til ferjekaien, der me skulle ta ferja over til Moskenes. Der var det ein del bilar. Det viste seg etterkvart at det var ca. tre bilar for mykje, slik at me ikkje kom med. Dette her er ein svært lang ferjetur, over tre og ein halv time tek den, og det er to ferjer som deler på jobben. Med andre ord fekk me tre og ein halv time ekstra i Bodø, men bilen måtte stå i kø på ferjekaien. Så me vasa rundt. Bibliotekaren fekk sjå biblioteket og sånn.
Ferjeturen går i ganske open sjø, og me ante jo at ting kanskje kunne bli ubehagelig då me kom inn i salongen og det låg spyposar klar til alle. Og mange landkrabber spydde, ingen av oss heldigvis, og heller ingen som spydde utan for posen i salongen. Mogleg det gjekk dårleg på dass fø me høyrde høge spylydar mens ein som skulle på do snudde i døra og sa noko i retning av fyfaen...
Itte me kom til Moskenes tok me turen ut til Å, som er det sørligaste punktet med veg i Lofoten, så køyrde me oppover igjen og fulgte E10 (Kong Olavs veg) til Leknes der me køyrde mot Stamsund. Natta tok me på Brustranda sjøcamping ved Rolvsfjorden. Flottaste suvenirbutikken me har sett i våre liv.

På biblioteket i Bodø hadde dei Katten Findus. Elles var vel ikkje biblioteket så mykje å skryta av til oss Kvemmingar.

Her er ventetida over, og me e i gang med båtturen. Endå er det fint å stå på dekk - seinare bora ferja seg sopass nedi sjøen at det spruta betydelige mengder vatten over heile båten. 700 kroner kosta det for bil og passasjer. Nokon veit å ta seg betalt. Jarand reiste heldigvis gratis, for han sov i tre timar av den tre og ein halv time lange turen.

Endeleg er også underteikna kommen lengre nord enn nokon gong tidlegare. Bodø var turningpoint på familieferien sommaren 1993.

Ho ser no fornøyd ut, gjer ho ikkje, endå me e ferdig med alt so heite flymuse ? Kan jo ve ho godta seg over alle so bruka spyposane sine.

Vakkert, kalla eg da.

Siste mann har vakna og. Astrid e god mor, og forar han med potetgull.

Snart i Moskenes. Veret e herleg.

Astrid poserer på ein utsiktsplass nokre hundre meter sør for der vegen endar på Å.

Jarand åt rundstykke, og smula litt. Måkene vart ivrige, og vakje nett redd folk. Zoomen vart funnen fram, og me fekk nokre blinkskudd av desse forhatte fuglane. Måtte adle flytta til Lofoten fø meg.


Lofotnatur på vegen mellom Moskenes og Leknes. Store sletter var brotne av steile fjellveggar som gjekk 500-1000 moh. Eg måtte halda meg i skinnet for ikkje å sjå meir på fjella enn på vegen.


Stearinlys var hovedattraksjonen på suvenirbutikken på Brustranda.