I Bodø låg Astrid sitt egentlige turmål. Flymuseet. Alt da andra var vegen til målet. Mykje kjekt på flymuseet, spessielt på den sivile delen. Masse fly var utstilt, men det var og ein stor del av området som var brukt til å forklara korleis ein kunne fly, utviklinga av værmeldingar og av navigasjonssystem. Og av korleis flyplassnettet og antall flyreiser hadde utvikla seg.
lørdag, august 25, 2007
Feriebilder - Bodø - Flymuseet
Vel framme i Bodø prøvde me oss fyrst på å få eit rom på Bodø hotell. Ei heller usympatisk og uinteressert resepsjonsdama fekk oss til å prøva Grand hotell i staden. For ein relativt billig penge fekk me eit flott rom, parkeringsplass i kjellaren og både frukost og kvelds (og vaffle midt på dagen), og ei hyggeleg resepsjonsdama.
I Bodø låg Astrid sitt egentlige turmål. Flymuseet. Alt da andra var vegen til målet. Mykje kjekt på flymuseet, spessielt på den sivile delen. Masse fly var utstilt, men det var og ein stor del av området som var brukt til å forklara korleis ein kunne fly, utviklinga av værmeldingar og av navigasjonssystem. Og av korleis flyplassnettet og antall flyreiser hadde utvikla seg.
Astrid og ein Freedom Fighter
Jarand og Morten Dobbeltdekker
I det pedagogiske hjørna - ein badeball so flaut i lufta.
Til og med sitt eigen flystyrt hadde dei på flymuseet.
Astrid poserer med sitt favorittfly: Catalina. Catalina er eit fly som kan landa både til lands og til vanns, og er litt spessielt å sjå på, med vinge og propellmotorar som er plassert over sjølve flykroppen.

For oss datanerdar var jo dette litt artig. Alle "installasjonane" var tydeligvis ikkje av heilt ny dato. Hugsar ikkje kva det egentlig skulle vore her, men det er iallefall starta eit opplæringsprogram i musbruk i Windows 3.11, noko dei fleste slutta å bruka på midten av nittitalet.
Flymuseet hadde overteke og flytta det gamle flytårnet på flyplassen i Bodø. Reknar med at tårna dei sit i no er ein smule meir avanserte.
I Bodø låg Astrid sitt egentlige turmål. Flymuseet. Alt da andra var vegen til målet. Mykje kjekt på flymuseet, spessielt på den sivile delen. Masse fly var utstilt, men det var og ein stor del av området som var brukt til å forklara korleis ein kunne fly, utviklinga av værmeldingar og av navigasjonssystem. Og av korleis flyplassnettet og antall flyreiser hadde utvikla seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar