torsdag, august 23, 2007

Feriebilder - Aldersundet - Bodø

Me vakna te regn og skodde, og eit vått telt. Ikkje ville regnet gje seg heller, så teltet laut for fyrste gong på turen gå skikkeleg blaudt i posen sin. I Bodø hadde me tenkt å finna oss eit hotell, så det var ikkje så veldig farlig. Nok ein relativt lang dagsetappe, men da gjekk veldig fint, og me kom te Bodø i brukande tid.


I Kilboghamn var det litt venting på ferja. Me hadde sett oss ut ei, og hadde berre eit kvarters køyring, men rutene i kystriksveifolderen stemde ikkje for denne ferja. Me koste oss i yren på ferjekaien i staden...

På ferjeturen mellom Kilboghamn og Jektevik passerer ein polarsirkelen, dette er sjølvsagt markert.

Nordnorsknatur og ver.

Endå eit bilde frå ferjeturen


Ikkje så langt frå Halsa, på veg mot Glomfjord, skal ein kunna nyta utsikten mot ein av Svartisen sine brearmar. Dette var alt me fekk sjå av den. Det gjekk og båttur, med moglegheiter for guida turar på isen.

Me køyrde til Glomfjord, ein plass med mykje industri og lite anna, men me fekk no kjøpt oss lunsj. Køyrde nokre kilomter tilbake og tok turen oppover til Glomvassdammen der me kunne kosa oss i yr/regn med brødmat.

Glomvassdammen er verdensstørste fyllingsdemning med asfaltkjerne, elller noko i den duren. Nok vatn er det iallefall bak dammen, då det visst nok skal vera nok til at alle på jorda kan få 500 liter kvar. "Bekken" som renn ut framfor dammen er overskuddsvatn. Nok av det med andre ord.


Saltstraumen, ein liten halvtime frå Bodø, vart dagens siste stopp. Artig å sjå sjøen renne på denna måten. Ka med eit kraftverk her ??

Ingen kommentarer: