lørdag, august 25, 2007
Feriebilder - Bodø - Keiservarden
Itte flymuseet var me klare for å gå litt tur i da fina veret. Eg va jaffal. Astrid vart fort svolten, slik at litt før halvvegs til Keisarvarden, ein liten høgde nord for Bodø, snudde ho og Jarand, mens eg tok turen heilt opp. Jarand nekta egentlig å gå utan at eg vart med, noko eg kan forstå, om ein tek Astrid sine orienteringsevne med i betrakningen. Gjennsynsgleden vart iallefall stor då eg tok dei att nedi lia. Fin kveldstur på feriens kanskje flottaste dag. Flott utsikt mot byen, fjella rundt, saltstraumen, og på gode dagar skal ein vist nok kunna sjå Lofotveggen også. Men berre på svært klare dagar, eg trur ikkje at eg såg den, for det var ganske disig.
Bodø og omegn frå Keisarvarden
Fjell som ligg sør for Bodø, sett frå Keisarvarden. Skulle hatt ein tur oppå dei.
Bodø - litt nærare. Virka so ein kjekke by, egentlig.
Jarand var glad for at mammo ikkje hadde gått feil og/eller at pappen hadde funne han att.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar