lørdag, september 15, 2007

29.07 - Bakka. Fint.

Da e jevvla fint på Bakka. Alltid. Uansett. Ekje du einig tek du feil.

Laut ut å knipsa litt frå båten dagenderpå.

Fanaraaken på veg frå Gudvangen til Kaupanger. Bakkanosi ruvar 1398moh.


Fanaraaken passerer Odnes mellom mellom Bakka og Styvi.

Marco Polo på veg innover fjorden. Breidskrednosi rett opp bak.

28.07 - Grendalagsfest

På Bakka har dei starta ein tradisjon med grendalagsfest. I år var det på tide å bli med.

Litt på grillen, litt i glaset. Og festtradisjonen me får æren av å ha innført : hesteskokasting.


Grillings på gong. Veret var ikkje heilt te å stola på, so eit partytelt måtte te. Kaldt va da om da regna elle ikkje, so me holdt oss inne.


Bakermester Harepus. Prinsessekaka. Besta kako da.


Inne i skulehuset.

Gjester fekk me og midt på natta.

torsdag, august 30, 2007

Jarand i trafikken

No veit eg kva veg eg skal halda mobiltelefonen når eg filmar... de får heller snu på dataskjermane om de vil ha med dåke denne filmsnutten;-)

Test på om eg får til å blogga video

Det fungerte fint:-)

Mor mi sin film då. Pernille-pus hoppa opp på klokkespelet, slik at mor mi ikkje kunne øva... Pernille er nok forkatt i foreninga som boikottar musikklag med klokkespel. Eg får sjå om eg finn nokre andre filmar å leggja ut etterkvart:-)

søndag, august 26, 2007

Feriebilder - Støren - Bakka

Dette kan vel reknast som den siste dagen på ferien. Me reiste frå campingplassen i Støren itte å ha sitt på ein storskrytande fiskar so viste fram laksen han hadde fått i elva. Flott fisk, for all del.
Køyrde til Dombås, der me hadde ein liten dritestopp ala Sortland for Jarand før me for vidare til Årdal. Trur kanskje me ikkje åt på Domuns, slik me pleier, men handla litt og reiste til Bakka.

Deilig å komma "heim" til Bakka. Tok oss ein ekstra dag der, sidan me hadde vore so jækla kjappe med returen frå Sortland. I fylgje gulesider er det ein distanse på 1420 kilomter som skal ta 18 timar å køyra. Ikkje verst å gjera da på tre dagar med ein liten i baksete. Jarand var utruleg flink på heile turen. Sov godt i teltet og la seg når han skulle. Sov fint i bilen om dagen, og var i nesten alltid i godt humør sjølv med eit svært begrensa utval leiker.

3700 kilomter på 12 dagar (300 km om dagen). Elve overnattingar, 8 i telt og 3 på hotell. 1045 bilder. Eit par tusen i Ferjer, eit par tusen på mat, ein tusenlapp i teltovernatting, knappe 3 laken i hotell. Diverse bilettar. Nokre laken i bilrelaterte utgifter. Ingen billeg ferie, men kunne lett ha vorte dyrare, uansett va da vel verdt da!

For å kunna fortsetja med "Feriebilder" overskrifta laut eg ha bilde frå denna dagen og. Her er eit av eit skip i Flåm, teke frå bilvindauget.

Feriebilder - Mo - Støren

Ny dag i bilen. Me starta faktisk ikkje før godt ut på dagen. Tok det svært roleg om morgonen, var på trampolina med Jarand, og reiste ikkje før han skulle sova. Likevel kom me til Trondheim. Dvs. då me kom til Trondheim var det tordenbyger så det frista lite, derfor køyrde me vidare. Til Støren. Einaste stoppen, og då var Jarand litt smådesperat itte å strekka på beina, var ved Snåsavatnet, der me fann oss ei god, gammaldags vegkro som serverte kjøttbollar.



Vaksne mannen, driva på slik. Jarand og eg trimma tigeren litt. Han påsto han kunne sjå heilt heim daroppeifrå.

Feriebilder - Sortland - Mo

Me kom altså til Andenes før me snudde nosi sørøve. Ikkje gale da då! over 69 grader nord. Hadde planar heilt til Tromsø, men skulle ta da so da kom. Me hadde no eit visst antall dagar, og da e nesten lika langt heim som opp, sjølv om da skulle visa seg at da skulle ta mykje kortare tid.

Dagen starta svært bra på Sortland hotell, der me naut ein god frukost, ikkje akkurat GrandHotell Bodø standard, men den gjorde absolutt nytten. Pakka oss i bilen, og hadde sitt oss ut ei ferje frå Løddingen til Bognes. Skjeldne avgangar her og, så me gav gass og hengde oss på ei campingvogn so råkøyrde sørover. Masse bilar på oppstillingsplassen. Heldigvis vart det ikkje repetisjon av Bodø-Moskenes, me fekk plass, som siste mann. Vart vinka forbi den same campingvogna me hadde hengt på nedover fordi det ikkje var plass til bil og campingvogn!

Frå Bognes kunne me synga Æ kjøre ESæks, den strakaste vejn, men me gjorde da ikkje. Da gjekk fort sørøve. Jarand sov, og me cruisa avgårde, tidvis i 90 sone (kvifor har me ikkje det på vestlandet?). Stoppa på ei kro litt sør for ittekvart kjende Rognan. Der laga dei skaplege hamburgarar te oss, ikkje noko McSheit der i gården. Fortsette på E6 til Saltfjellet og Polarsirkelsenteret der me hadde ein liten stopp. La ikkje att ei krona. Heile greia virkar litt oppkonstruert.

Eg hadde ein liten draum om å nå Mo i rana før kvelden var omme. Og jammen gjorde me da. Fyllte grisebillig bensin, og fortsette ein halvtime til, der me fann ein kjempefin Campingplass heilt i sjøkanten.

Jarand va litt usikker på om da va kjekt på dekk på ferjo frå Løddingen. Da blas felt.


Løddingen frå sjøsida.


Polarsirkelsenteret, med Astrid og Jarand i forgrunnen.


Ekje detta honeymoon, so veit ikkje eg.


Astrid nyt dan dyraste kakaoen på ferien. dei skulle ha 15-20 kroner for ein påse med framanlandsk rett i koppen erstatning.

Feriebilder - Vesterålen

Me reiste frå Storsletta camping med vått telt, og veret var elles litt begredelig. Iallefall ingen grunn til å bli...
Dagen enda opp på Sortland hotell, itte ein vært lang dag i bilen, der me fresa rundt i Vesterålen og fekk med oss stader som Nyksund, Andenes og altså Sortland.

Det som på ein måte overaska oss litt med det me såg av Vesterålen var at det var mykje flatare enn i Lofoten. På ein måte vart forholdet som Hardangerfjorden mot Nærøyfjorden. Det var fjell i Vesterålen og, men dei var på ein måte litt rundare i kantane enn i Lofoten.

Dagens hendelse var vel då me gjekk på eit kjøpesenter i Sortland med eit mål for auga: få Jarand til å drita. Han klare jo stortsett detta greit sjølv, men da hadde vorte eit par dagar sidan siste leveranse, so me gjekk inn, fann oss ein skobutikk med salg te Astrid og lot Jarand leika med eit togbane-leikebord. Ikkje lenge etter fekk eg nok å gjera også, då eg måtte ta karen med meg på do for å byta på han. Astrid kjøpte heldigvis sko, så det var ikkje rein utnytting :-)

Me hadde og tenkt å overnatta på Andøya, elle Andenes egentlig, på hotell eller i rorbu el. Men da viste seg at adle tak øve hove på heile Andøya var oppteke. Det vart derfor ein pizza på ei tvilsom bule i Andenes for me tok vestsida (den klart finaste) nedatt til Sortland, der Sortland hotell kunne husa oss denne eine natta.

Ferja overHadselfjorden er heilt sikkert ein fin opplevelse, men denne dagen var det surt på dekk, og sterkt avgrensa sikt.


Det vart ikkje så mange stopp, og heller ikkje så mange bilder denne dagen. Her er me komme til Nyksund. Nyksund har vore relativt mykje omtalt, då det har vore litt tilflytting dit igjen, etter at det var fråflytta. Veldig fin plass, so eg godt kan skjønna at folk får lyst til å bli verande på.


Her er eit bilde frå havneområdet i Nyksund. Nyksund består av to øyer som er knytt saman med ein molo (der biledet er teke). Ein får då eit fint havneområde. Ein annan molo gjer eine øya landfast.


Jarand og Astrid ser på båtar i Nyksund.


Sørover frå Nyksund. Vegen går i fjellsida. Grusveg den sist halvtimen eller noko slikt ut.


Frå Andenes...Me køyrde på Austsida nordover, der vegen er best, men det var på Vestsida det var finast. Eit norge i minityr der altså.


Andøya rocketrange. Tøft.


Flotte strender ved Bleik på Andøya. Manglar berre nokre plussgrader so hadde da vore langt betre enn syden.


Fina veret. Dar ute.

lørdag, august 25, 2007

Feriebilder - Lofoten

Ny dag, nye moglegheiter. Frå Brustranda Camping til Storsletta Camping gjekk dagens etappe. Ikkje så veldig langt i kilometer.

Lofotkjedisar som Svolvær og Kabelvåg vart avlagt eit besøk, og me prøvde oss på å vera litt intersserte i lokalhistorie og besøkte Lofotmuseet utanfor Svolvær. Jakta litt på ein fiskemiddag denne dagen, men alt me klarte å finna var noko røyka eller grava eller noko. Derfor vart det italiensk pizza i Svolvær.

På Campingplassen låg det ei svær gruppe franske ungdommar, som Astrid med ein gong bestemte var kriminelle og da so verre va. Me fekk også vaska kle. Måtte ve "litt" frampå for å få da gjort, men da gjekk seg te. Dan automatiske tørketrommelen var litt tidleg ute med automatikken sin, så heile klesvasken måtte tørka ferdig i bilen om natta og utover neste dag.


Naturen talar vel for seg sjølv...På veg mot Gimsøystraumen


På veg mot Gimsøystraumen

Sørover frå vegen ut mot Kabelvåg


Velkjent motiv. Frå Kabelvåg

To tvilsomme folk ete lunsji Svolvær. Svært skeptisk til karen i hettegensar, som tydeligvis tykkjer sjørøvarar er stas.


Fotograf, liksom. Eg har no betre utstyr enn da dar då. (Frå Lofotmuseet)


Da e håp i hengande snøre. I Lofoten e da jaffal en angel i da. Og dei har jækli med snøre.


Astrid, Jarand og Astrid(båten)


Natur på veg inn Austnesfjorden.

Feriebilder - Bodø - Lofoten

Dagen starta litt dårleg får ein vel seia. Itte ein god frukost på hotellet, pakka me sakene våre i bilen og køyrde til ferjekaien, der me skulle ta ferja over til Moskenes. Der var det ein del bilar. Det viste seg etterkvart at det var ca. tre bilar for mykje, slik at me ikkje kom med. Dette her er ein svært lang ferjetur, over tre og ein halv time tek den, og det er to ferjer som deler på jobben. Med andre ord fekk me tre og ein halv time ekstra i Bodø, men bilen måtte stå i kø på ferjekaien. Så me vasa rundt. Bibliotekaren fekk sjå biblioteket og sånn.

Ferjeturen går i ganske open sjø, og me ante jo at ting kanskje kunne bli ubehagelig då me kom inn i salongen og det låg spyposar klar til alle. Og mange landkrabber spydde, ingen av oss heldigvis, og heller ingen som spydde utan for posen i salongen. Mogleg det gjekk dårleg på dass fø me høyrde høge spylydar mens ein som skulle på do snudde i døra og sa noko i retning av fyfaen...

Itte me kom til Moskenes tok me turen ut til Å, som er det sørligaste punktet med veg i Lofoten, så køyrde me oppover igjen og fulgte E10 (Kong Olavs veg) til Leknes der me køyrde mot Stamsund. Natta tok me på Brustranda sjøcamping ved Rolvsfjorden. Flottaste suvenirbutikken me har sett i våre liv.

På biblioteket i Bodø hadde dei Katten Findus. Elles var vel ikkje biblioteket så mykje å skryta av til oss Kvemmingar.


Her er ventetida over, og me e i gang med båtturen. Endå er det fint å stå på dekk - seinare bora ferja seg sopass nedi sjøen at det spruta betydelige mengder vatten over heile båten. 700 kroner kosta det for bil og passasjer. Nokon veit å ta seg betalt. Jarand reiste heldigvis gratis, for han sov i tre timar av den tre og ein halv time lange turen.


Endeleg er også underteikna kommen lengre nord enn nokon gong tidlegare. Bodø var turningpoint på familieferien sommaren 1993.


Ho ser no fornøyd ut, gjer ho ikkje, endå me e ferdig med alt so heite flymuse ? Kan jo ve ho godta seg over alle so bruka spyposane sine.


Vakkert, kalla eg da.

Siste mann har vakna og. Astrid e god mor, og forar han med potetgull.


Snart i Moskenes. Veret e herleg.

Astrid poserer på ein utsiktsplass nokre hundre meter sør for der vegen endar på Å.


Jarand åt rundstykke, og smula litt. Måkene vart ivrige, og vakje nett redd folk. Zoomen vart funnen fram, og me fekk nokre blinkskudd av desse forhatte fuglane. Måtte adle flytta til Lofoten fø meg.



Lofotnatur på vegen mellom Moskenes og Leknes. Store sletter var brotne av steile fjellveggar som gjekk 500-1000 moh. Eg måtte halda meg i skinnet for ikkje å sjå meir på fjella enn på vegen.


Stearinlys var hovedattraksjonen på suvenirbutikken på Brustranda.

Feriebilder - Bodø - Keiservarden

Itte flymuseet var me klare for å gå litt tur i da fina veret. Eg va jaffal. Astrid vart fort svolten, slik at litt før halvvegs til Keisarvarden, ein liten høgde nord for Bodø, snudde ho og Jarand, mens eg tok turen heilt opp. Jarand nekta egentlig å gå utan at eg vart med, noko eg kan forstå, om ein tek Astrid sine orienteringsevne med i betrakningen. Gjennsynsgleden vart iallefall stor då eg tok dei att nedi lia. Fin kveldstur på feriens kanskje flottaste dag. Flott utsikt mot byen, fjella rundt, saltstraumen, og på gode dagar skal ein vist nok kunna sjå Lofotveggen også. Men berre på svært klare dagar, eg trur ikkje at eg såg den, for det var ganske disig.


Bodø og omegn frå Keisarvarden


Fjell som ligg sør for Bodø, sett frå Keisarvarden. Skulle hatt ein tur oppå dei.


Bodø - litt nærare. Virka so ein kjekke by, egentlig.


Jarand var glad for at mammo ikkje hadde gått feil og/eller at pappen hadde funne han att.