lørdag, august 25, 2007

Feriebilder - Lofoten

Ny dag, nye moglegheiter. Frå Brustranda Camping til Storsletta Camping gjekk dagens etappe. Ikkje så veldig langt i kilometer.

Lofotkjedisar som Svolvær og Kabelvåg vart avlagt eit besøk, og me prøvde oss på å vera litt intersserte i lokalhistorie og besøkte Lofotmuseet utanfor Svolvær. Jakta litt på ein fiskemiddag denne dagen, men alt me klarte å finna var noko røyka eller grava eller noko. Derfor vart det italiensk pizza i Svolvær.

På Campingplassen låg det ei svær gruppe franske ungdommar, som Astrid med ein gong bestemte var kriminelle og da so verre va. Me fekk også vaska kle. Måtte ve "litt" frampå for å få da gjort, men da gjekk seg te. Dan automatiske tørketrommelen var litt tidleg ute med automatikken sin, så heile klesvasken måtte tørka ferdig i bilen om natta og utover neste dag.


Naturen talar vel for seg sjølv...På veg mot Gimsøystraumen


På veg mot Gimsøystraumen

Sørover frå vegen ut mot Kabelvåg


Velkjent motiv. Frå Kabelvåg

To tvilsomme folk ete lunsji Svolvær. Svært skeptisk til karen i hettegensar, som tydeligvis tykkjer sjørøvarar er stas.


Fotograf, liksom. Eg har no betre utstyr enn da dar då. (Frå Lofotmuseet)


Da e håp i hengande snøre. I Lofoten e da jaffal en angel i da. Og dei har jækli med snøre.


Astrid, Jarand og Astrid(båten)


Natur på veg inn Austnesfjorden.

Ingen kommentarer: