søndag, august 26, 2007

Feriebilder - Sortland - Mo

Me kom altså til Andenes før me snudde nosi sørøve. Ikkje gale da då! over 69 grader nord. Hadde planar heilt til Tromsø, men skulle ta da so da kom. Me hadde no eit visst antall dagar, og da e nesten lika langt heim som opp, sjølv om da skulle visa seg at da skulle ta mykje kortare tid.

Dagen starta svært bra på Sortland hotell, der me naut ein god frukost, ikkje akkurat GrandHotell Bodø standard, men den gjorde absolutt nytten. Pakka oss i bilen, og hadde sitt oss ut ei ferje frå Løddingen til Bognes. Skjeldne avgangar her og, så me gav gass og hengde oss på ei campingvogn so råkøyrde sørover. Masse bilar på oppstillingsplassen. Heldigvis vart det ikkje repetisjon av Bodø-Moskenes, me fekk plass, som siste mann. Vart vinka forbi den same campingvogna me hadde hengt på nedover fordi det ikkje var plass til bil og campingvogn!

Frå Bognes kunne me synga Æ kjøre ESæks, den strakaste vejn, men me gjorde da ikkje. Da gjekk fort sørøve. Jarand sov, og me cruisa avgårde, tidvis i 90 sone (kvifor har me ikkje det på vestlandet?). Stoppa på ei kro litt sør for ittekvart kjende Rognan. Der laga dei skaplege hamburgarar te oss, ikkje noko McSheit der i gården. Fortsette på E6 til Saltfjellet og Polarsirkelsenteret der me hadde ein liten stopp. La ikkje att ei krona. Heile greia virkar litt oppkonstruert.

Eg hadde ein liten draum om å nå Mo i rana før kvelden var omme. Og jammen gjorde me da. Fyllte grisebillig bensin, og fortsette ein halvtime til, der me fann ein kjempefin Campingplass heilt i sjøkanten.

Jarand va litt usikker på om da va kjekt på dekk på ferjo frå Løddingen. Da blas felt.


Løddingen frå sjøsida.


Polarsirkelsenteret, med Astrid og Jarand i forgrunnen.


Ekje detta honeymoon, so veit ikkje eg.


Astrid nyt dan dyraste kakaoen på ferien. dei skulle ha 15-20 kroner for ein påse med framanlandsk rett i koppen erstatning.

Ingen kommentarer: