søndag, august 26, 2007

Feriebilder - Støren - Bakka

Dette kan vel reknast som den siste dagen på ferien. Me reiste frå campingplassen i Støren itte å ha sitt på ein storskrytande fiskar so viste fram laksen han hadde fått i elva. Flott fisk, for all del.
Køyrde til Dombås, der me hadde ein liten dritestopp ala Sortland for Jarand før me for vidare til Årdal. Trur kanskje me ikkje åt på Domuns, slik me pleier, men handla litt og reiste til Bakka.

Deilig å komma "heim" til Bakka. Tok oss ein ekstra dag der, sidan me hadde vore so jækla kjappe med returen frå Sortland. I fylgje gulesider er det ein distanse på 1420 kilomter som skal ta 18 timar å køyra. Ikkje verst å gjera da på tre dagar med ein liten i baksete. Jarand var utruleg flink på heile turen. Sov godt i teltet og la seg når han skulle. Sov fint i bilen om dagen, og var i nesten alltid i godt humør sjølv med eit svært begrensa utval leiker.

3700 kilomter på 12 dagar (300 km om dagen). Elve overnattingar, 8 i telt og 3 på hotell. 1045 bilder. Eit par tusen i Ferjer, eit par tusen på mat, ein tusenlapp i teltovernatting, knappe 3 laken i hotell. Diverse bilettar. Nokre laken i bilrelaterte utgifter. Ingen billeg ferie, men kunne lett ha vorte dyrare, uansett va da vel verdt da!

For å kunna fortsetja med "Feriebilder" overskrifta laut eg ha bilde frå denna dagen og. Her er eit av eit skip i Flåm, teke frå bilvindauget.

Ingen kommentarer: